Serbia
Studentprotest og stormaktsspel
I Serbia demonstrerer studentar mot ei korrupt og autokratisk regjering. Men dei kan sjå langt etter støtte frå EU.
Demonstrantar blokkerer ei bru over Donau i Serbias nest største by, Novi Sad i februar.
Armin Durgut/AP/NTB
Tåregass, bilistar som køyrer på demonstantar – og ein økonomi i oppgang. På yta er det lite som tyder på at Serbia skulle råkast av sosial uro nett no. Overordna sett går det jo bra: Nest etter Malta er Serbia det landet i Europa som har størst vekst. I 2024 voks økonomien med 3,9 prosent, mot 0,9 i EU. Arbeidsløysa var rett nok høg, men ho er halvert dei siste ti åra. Og dei som er i arbeid, kunne nyte godt av ein lønsauke på nær 15 prosent. Men protestrørsler blir ikkje alltid styrte av økonomiske grafar. Denne veka demonstrerte titusenvis av serbarar mot korrupsjon og den sittande regjeringa, spreidde over fleire hundre byar i landet.
Det har dei gjort i tre månadar. Den 1. november i fjor raste eit tak ned på den modernistiske jernbanestasjonen i Novi Sad, den nest største byen i landet. 15 menneske døydde under betongrestane. Men styresmaktene sleit med å handtere kollapsen. Ingen ville ta ansvar for ulukka, sjølv om innbyggarar i byen tidlegare hadde varsla om at bygningen var i dårleg stand. Sjølv hadde presidenten nytta oppussinga av stasjonen som eit symbol på moderniseringa av landet. Han var til stades då stasjonen blei gjenopna etter renovasjon i 2012. No sleit han med å forklare kollapsen.
Sorg blei raskt til sinne, og stasjonen blei eit symbol på korrupsjonen i Serbia. Demonstrantar bar plakatar med blodige, raude hender. Dei meinte styresmaktene hadde medansvar for dødsulukka. Frå Novi Sad spreidde det seg protestar over heile landet, og sidan har dei berre auka i omfang. Særleg aktive er studentane. Novi Sad er ein liberal universitetsby, og mellom dei døde på jernbanestasjonen var det òg studentar. No har dei okkupert ei rekke universitet, bruer og andre offentlege bygningar.
Nett studentane har mykje å demonstrere mot. Under det noverande systemet er utdanninga lite verd, med mindre ein melder seg inn i regjeringspartiet for å posisjonere seg for vidare karriere. Alternativet er å forlate landet. Det har 9 prosent av innbyggarane gjort dei siste 30 åra. Serbia slit med hjerneflukt.
Sparkelregimet
Regjeringspartiet, Serbias progressive parti, har styrt landet sidan 2014. I løpet av den perioden har Serbia, som rett nok aldri har vore noko demokratisk føredøme, blitt meir autokratisk. I røynda ligg det meste av den politiske makta no hos presidenten, Aleksandar Vucić. Sidan han kom til makta, først som statsminister i 2014 og deretter som president tre år seinare, har han fått stadig fastare grep om statsapparatet. Offentlege inntekter har gått til å drive valkamp for regjeringspartiet. Statsembete blir gitt bort til partikollegaer. Og no pressar partiet offentleg tilsette til å drive motdemonstrasjonar mot studentane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.