Stykkevis og delt

I jernbanesystemet heng alt saman med alt. Det har ikkje politikarane skjønt, meiner seniorforskar Morten Welde ved NTNU.

Publisert

Riksrevisjonen kan ikkje syne oss alt som er gale med norsk jernbane. Riksrevisjonen er Stortingets vakthund og skal passe på regjeringa, departementa og statsforvaltinga. Men Stortinget ber sjølv mykje av ansvaret for jernbanesjuka, meiner Morten Welde, seniorforskar ved forskingsprogrammet Concept ved NTNU. Welde har mellom anna forska på konseptval og effekten av store statlege investeringar. Og på jernbanefeltet har det vore mange feilinvesteringar i Noreg, meiner han.

– Politikarane er glade i store, nye prosjekt, ikkje så glade i å løyve pengar til vedlikehald av jernbanen. Men den infrastrukturen som alt er bygd, utgjer ein kolossal verdi som vi må ta vare på. Mange stader er signalanlegg og sporvekslarar fleire tiår gamle. Og i jernbanen heng alt saman. Får du feil og seinkingar éin stad, forplantar det seg, seier Welde.

– I politikken er det mykje merksemd på einskildprosjekt på jernbanen: denne tunnelen, denne strekninga. Politikarane løyver gjerne milliardar til ein ny tunnel i staden for å ruste opp heile strekningar. Men i jernbanesektoren må du sjå alt under eitt: infrastruktur, tog, ruteplan. Jernbane er eit komplekst system, og det er sjeldan nok å gjere éin ting.

I tillegg fører ofte politiske omsyn til feil prioriteringar, meiner Welde.

– I samferdsle bør ein ta prosjekta som gjev størst vinstar først. I dag er det meir eit lotteri enn ein rasjonell avgjerdsprosess, og mange på Stortinget tenker først og fremst som lokalpolitikarar.

Stor maskin

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement