– Svekkjer fagrørsla og Ap i nord

I Nord-Noreg har arbeidsinnvandringa svekt fagrørsla og Arbeidarpartiet, meiner forskar Edgar Henriksen.

Publisert

Arbeidsinnvandringa får ulike politiske følgjer i ulike næringar og landsdelar, og fiskeindustrien i Nord-Noreg er eit interessant døme. Fiskeforedling er ein av bransjane der innslaget av utanlandsk arbeidskraft er størst. Som Dag og Tid skreiv for to veker sidan, kan så mykje som tre firedelar av dei tilsette vere utanlandske, og dei fleste arbeidsinnvandrarane kjem frå Aust-Europa. Når norske arbeidarar forsvinn ut av fiskeindustrien, har det òg politiske konsekvensar i Nord-Noreg, meiner Edgar Henriksen, forskar ved Nofima i Tromsø.

– Store delar av arbeidsfolket i fiskeindustrien røystar ikkje i norske val, og det får følgjer. I tillegg blir det stadig færre fiskeindustribedrifter som har tariffavtale – berre 18 av 90 bedrifter har ein slik avtale, skreiv Nordlys nyleg.

Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund, som har vore ein verkeleg maktfaktor i nord, er sterkt svekt, påpeikar Henriksen.

– Dette er alvorleg. Det organiserte arbeidslivet har vore grunnlaget for den norske modellen. Og denne utviklinga går òg ut over Arbeidarpartiet. Eg skal ikkje seie at dette er heile forklaringa på at Ap har gått så sterkt attende i nord, men eg trur det har medverka. I Nord-Noreg røysta over halvparten av veljarane på Arbeidarpartiet tidlegare, og partiet har tapt veldig dei siste åra.

Når det blir færre innfødde nordmenn som arbeider i fiskeindustrien på land, og færre som taler saka for kystflåten som leverer til lokal foredling, kan det på sikt òg få konsekvensar for fiskeripolitikken, meiner Henriksen.

– Om industrien ikkje lenger er så viktig for lokal sysselsetjing og busetnad, svekkjer det argumenta for at fisken skal leverast og bearbeidast i Noreg. Og vi ser at fiskerinæringa har mindre å seie for folketalsutviklinga i Nord-Noreg enn før. Store delar av arbeidsstokken i industrien er her berre tre–fire månader i året, folketalet går enda meir ned, og desse samfunna får mindre politisk påverknad. Og det blir mindre interesse for fiskeripolitikken også nasjonalt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement