Samfunn
Svensk åtvaring til norske politikarar
Sverige byrjar å sjå langsiktige konsekvensar av ei samtykkebasert valdtektslovgjeving. Og dei er ikkje udelt positive.

Høyr Eva Aalberg Undheim lese:
Sjå føre deg at to 18-åringar som ikkje kjenner kvarandre frå før, møtest ute på byen. Ho er ute med besteveninna si, han med bestekameraten, og alle fire slår seg ned saman. Dei snakkar, drikk alkohol og har det morosamt. Stemninga er god. Han og ho sit ved sida av kvarandre i sofaen, lengst inni hjørnet. Han byr henne på ein drink, og dei legg kvarandre til på Snapchat. Etter ei stund byrjar dei å kline, og medan dei gjer det, fører han handa si lenger ned og innanfor buksa hennar. Når veninna hennar ser det som skjer, dreg ho henne med seg ned på toalettet og spør om ho var med på det. 18-åringen svarar veninna at ho ikkje veit.
Seinare kjem det fram ulike versjonar av hendinga i sofaen. Han seier at han – medan han flytta handa nedover og mellom beina hennar – spurde henne tre gonger om det var OK, og at ho svara ja kvar gong, siste gongen då han hadde handa innanfor bukselinningen. Ho kan ikkje hugse noko slikt spørsmål. Ho hugsar berre at ho plutseleg kjende fingrane hans på feil stad og fraus til. Men éin ting har dei same minnet om: Begge vart overraska då politiet dukka opp og førte han vekk.
Var det som gjekk føre seg her, ei valdtekt?
Nett dette er eit av spørsmåla svenske domstolar har teke stilling til etter at landet innførte samtykkebaserte reglar i valdtektslovgjevinga si for sju år sidan.
Over 20 land
Etter lovendringa i Sverige krevst det ikkje lenger vald eller trugslar for at ei handling skal kunne reknast som valdtekt. Det er tilstrekkeleg at den eine parten ikkje er med friviljug og ikkje har gjeve uttrykk for samtykke til handlinga. Det var brei politiske semje om lovendringa i Riksdagen.
Danmark gjorde ei liknande lovendring i 2021, og Finland noko nesten likt i 2023. Ja, faktisk har alle dei andre nordiske landa, og over 20 land i Europa totalt, no samtykkebaserte reglar i valdtektslovgjevinga si, og dei fleste av desse har innført dei i løpet av dei siste sju–åtte åra. Det går fram av rapporten The wave of consent-based rape laws in Europe frå 2024.
Med andre ord er det ikkje noko unikt med at Støre-regjeringa no vil innføre ein såkalla samtykkelov i Noreg.
Unik er heller ikkje kritikken som er fremja av forsvarsadvokat Mette Yvonne Larsen og enkelte andre juristar, om at samtykkekrav kan utfordre rettstryggleiken og bidra til justismord. Liknande innvendingar har vore fremja i andre land før lovendringane vart gjorde der.
Men det som kan hende er unikt, er høvet norske styresmakter har til å lære av andre lands erfaringar før dei endrar si eiga valdtektslovgjeving.
Fleire yngre og dømde
For kva er følgjene av at seksuelle handlingar som ikkje begge partane har gjeve tydeleg uttrykk for samtykke til, vert gjorde til lovbrot? Det har svenske Brottsförebyggande rådet (Brå) nyleg sett på, i det som ifølgje etaten sjølv er ein av dei fyrste systematiske studiane i Europa av samtykkebaserte valdtektslovgjevingar. Og resultata er ikkje udelt positive.
Studien syner at lovendringa i Sverige har ført til auke både i talet på saker som vert melde til politiet, og i talet på saker som kjem for retten, i tillegg til at talet på fellande dommar har auka – faktum som isolert sett er i tråd med intensjonane med lovendringa: å styrkje offerets stilling. Ein tredjedel av domfellingane handlar om saker som ikkje hadde kome for retten utan lovendringa.
Ifølgje Brå ser dei nye reglane samstundes ut til å ha påverka korleis domstolane vurderer kva bevis som krevst for å kunne døme for valdtekt generelt. Dette syner seg mellom anna gjennom at munnlege bevis åleine, altså ord mot ord, i aukande grad vert rekna som nok til å gje fellande dom. Andelen fellande domar baserte å munnlege bevis – og einast det – auka frå 17 prosent i 2017 til 28 i 2023. Og blant sakene som ikkje hadde kome til retten utan lovendringa, er andelen fellande dommar som er baserte på munnlege bevis, oppe i 39 prosent.
Dei reine samtykkesakene skil seg i tillegg ut på eit tredje vis: Dei gjeld ofte yngre personar. Medan medianalderen for fornærma i saker der valdtekta skal ha skjedd ved vald eller trugslar, altså etter den tidlegare valdtektsdefinisjonen, er på 24 år, er han på 20 år i samtykkesakene. Med andre ord er nesten halvparten av dei fornærma tenåringar, slik som i dømet nemnt innleiingsvis. Medianalderen til den mistenkte er likeins 25 år, mot 31 år i dei andre sakene.
Det kan fort verte slik at den som er best til å fortelje, kjem best ut av det.
Bengt Ivarsson, forsvarsadvokat
I nesten halvparten av samtykkesakene som vert melde til politiet, kjenner partane kvarandre litt, og om lag like stor del er i eit nært forhold.
– Stor risiko for feil
Både politiet og bistandsadvokatar er i hovudsak positive til følgjene av lovendringane i Sverige, medan forsvarsadvokatar samla sett er negative. Tre av fire forsvarsadvokatar svarar ifølgje Brå-studien at dei meiner lovendringa har svekt rettstryggleiken til den tiltalte.
Forsvarsadvokat Bengt Ivarsson deltok som ekspert i ei av utgreiingane fram mot endringa av valdtektslovgjevinga. Han var kritisk den gong og meiner nokre av konsekvensane som no byrjar å kome fram, er alvorlege.

– Problemet er at risikoen for å ta feil er så stor når så mykje heng på munnlege bevis åleine. Legg til at det ofte handlar om unge personar, som har drukke alkohol, som kanskje ikkje er så seksuelt erfarne og kanskje heller ikkje snakkar så mykje med kvarandre. Då kan det lett oppstå kommunikasjonsproblem og situasjonar der ein ikkje er tilstrekkeleg tydeleg. Når ein då skal fortelje kva som har hendt, framfor ein domstol seinare, kan det fort verte slik at det er den som er best til å fortelje, som kjem best ut av det, seier Ivarsson til Dag og Tid.
Før lovendringa var det ifølgje Ivarsson ikkje vanleg med fellande dommar der ein ikkje kunne bevise at den eine parten hadde sagt nei.
– Det gjorde at fleire som var utsette for valdtekt, ikkje fekk sjå gjerningspersonen dømd av mangel på bevis, og det er jo heller ikkje bra, men det var færre som vart uskuldig dømde då, enn kva eg oppfattar at det er i dag. Og det er ein svært høg pris å betale. Med tanke på at det ofte er snakk om unge folk, og at minstestraffa ved valdtekt er fengsel i tre år, kan det ha alvorlege konsekvensar, seier han.
Han legg til at det også er uttrykt både uvisse og ulike meiningar om samtykkesakene frå domstolane, noko som går fram av prosentdelen saker som vert omgjorde av den overordna domstolen.
– Nesten halvparten av samtykkedomane som vert anka frå tingretten til hovretten (som tilsvarar lagmannsretten i Noreg, journ.merk.), vert omgjorde. Det er svært mykje, og det syner kor usikre desse dommane er, seier Ivarsson.
I utaktfølgje
Expressen-journalist Jenny Strindlöv var den som fyrst avdekte og skreiv om usemja i domstolane og kor vilkårleg samtykkereglane kunne slå ut.
I intervju med Dag og Tid seier Strindlöv at ho reagerte på at det rådde ein så sterk konsensus om den nye samtykkebaserte lovgjevinga, både blant politikarar og i ålmenta elles. Tiltalar og fellande domar auka kraftig berre i løpet av det fyrste året etter lovendringa, og i den offentlege samtalen vart det snakka om som utelukkande positivt, fortel ho.
Ho gjekk i gang med å lese domar, for å finne ut kven det var som vart valdtektsforbrytarar, og kva som var eit typisk valdtektstilfelle etter den nye loven.
– Det eg innsåg då eg las, var at eg i mange av sakene ikkje kjende meg overtydd om at det hadde skjedd noka valdtekt. Så oppdaga eg at det også såg ut til å vere stor usemje dommarane imellom.
Ho jamførte alle valdtektsdomar i lagmannsretten i 2017 med valdtektsdomane frå lagmannsretten i 2023 og kom til at det etter samtykkeloven hadde vorte nesten dobbelt så vanleg at fagdomarane ikkje kom overeins om korleis dei skulle døme.
I tillegg fann ho at lekdomarane etter samtykkeloven i mykje høgare grad enn før gjekk inn for å frifinne heller enn å felle den tiltalte. Medan det før lovendringa var dobbelt så vanleg at ein lekdomar tok dissens mot frifinning, som mot fellande dom, har det etter samtykkeloven vorte dobbelt så vanleg at ein lekdomar tek dissens mot ein fellande dom, fortel ho.

– Det seier også noko om at den allmenne rettsoppfatninga ikkje er i takt med lovendringa. Lekdomarane ser kva bevis som finst, kva for situasjonar det er snakk om, og kva personar som er involverte. For folk utanfrå som berre les om domane, er det lett å tenkje at det er positivt om fleire vert dømde, men eg trur mange opnar augo når dei skjønar at det kan vere snakk om ein tidlegare ustraffa vidaregåandeelev utan vonde intensjonar som vert dømt fordi han misforstod ein situasjon på byen med ei jente, seier Strindlöv.
Liv i grus
Strindlöv siktar til saka som er nemnd i starten av denne artikkelen. Det var ho som trekte saka fram i den offentlege debatten. Ja, heile skildringa over om dei to 18-åringane som møttest på byen, er henta frå ein artikkel ho skreiv i Expressen i mai i fjor.
I artikkelen går det også fram at 18-åringen som vart ført vekk frå utestaden av politiet, vart dømd til tre års fengsel for valdtekt. Tingrettsdomen fall ein månads tid før han skulle ut av vidaregåande, og verda hans fall saman. Han byrja å ruse seg, og sommaren som følgde, var prega av sjølvmordstankar, overdosar og kaos.
Den allmenne rettsoppfatninga er ikkje i takt med lovendringa.
Jenny Strindlöv, journalist i Expressen
Så kom saka opp i lagmannsretten, og der vart situasjonen på byen vurdert annleis.
Domen frå lagmannsretten seier at han ikkje hadde til føremål å valdta, men at det var snakk om ei uaktsam valdtekt – ein kategori innført i lovverket saman med samtykkereglane. Uaktsam valdtekt betyr at han ikkje var klar over at motparten ikkje ønskte å delta, men at han innsåg eller burde ha innsett at det var ein risiko for det. Straffa vart redusert til fire månaders fengsel. Men det var også ein domar som tok dissens og meinte at 18-åringen ikkje burde dømast til noko.
Ifølgje studien frå Brå er det i domar om uaktsam valdtekt at rettstryggleiken er sett mest på spel.
Strindlöv seier det finst indikasjonar på at domstolar har landa på uaktsam valdtekt i situasjonar der minimumsstraffa for valdtekt står fram som for hard, eller at uaktsam valdtekt vert eit kompromiss fordi domarane ikkje er heilt sikre på om det var ei valdtekt eller ikkje.
– Usannsynleg å snu
Strindlöv laga ein heil artikkelserie om funna sine i fjor, og ho seier at ho aldri før har fått så mange takksame tilbakemeldingar frå lesarar på noko ho har gjort som journalist. Det vart debattar i aviser, radio og ulike podkastar, og artiklane hennar er brukte i undervisnings- og utdanningsmateriell både på skular og på eit akuttmottak for valdtekne.
Ho er viss på at det kjem til å kome fleire kritiske granskingar av samtykkekravet og konsekvensane, men trur ikkje lovendringane går å reversere.
– Det er knytt for mykje politisk prestisje til loven til at det går. Loven vert sett på som eit steg fram for likestillinga som Sverige slår seg på brystet med, seier ho.
Ivarsson trur også det er politisk umogleg å gå tilbake på lovendringa. Men han håpar minimumsstraffa for samtykkesaker kjem til å verte redusert. I dag er straffa på tre års fengsel.
– Lågare straffer minskar ikkje risikoen for feil, men konsekvensane av feil vert ikkje like alvorlege. For eit ungt menneske har det mykje å seie om ein vert dømd til eit halvår eller tre år i fengsel.
Ivarsson rår norske politikarar til å tenkje nøye gjennom straffenivået.
– Innfører dei ein samtykkelov, bør det ikkje dømast til fire års fengsel i desse sakene. Det er eitt av råda eg vil gje. Og det viktigaste er det førebyggjande arbeidet og at det vert snakka mykje om desse temaa på skulane. For det aller beste er om det ikkje oppstår situasjonar der ein kan mistenkje at det har skjedd eit brotsverk. Då unngår ein både at nokon vert offer, og at nokon vert uskuldig dømd, seier han.