Syngjedamer og jentebandÅtte av ti artistar på norske festivalscener er menn. Kan kvotekonsertar verte ein realitet?

Åtte av ti artistar på norske festivalscener er menn. Kan kvotekonsertar verte ein realitet?

Den einaste kvinna på heile festivalen.
Den einaste kvinna på heile festivalen.
Publisert

Sigurd Wongraven stiller seg breibeint med den eine foten på ein forsterkar og skular ut mot publikum under strenge bryn, kontursminke og sleik.

Eg trekkjer meg eit stykke bort frå midten av folkemengda for å unngå å verte dregen med i trengselen. Det er nest siste dag på Infernofestivalen, òg kalla «pølsefesten».

Med unntak av Edvard Munch-skissa «Dødskyss» på sceneteppet er det ikkje ei kvinne å oppdrive på scena på heile festivalen. Og når eg kjenner bassen i golvet og prøver å unngå å få håret til sidemannen i munnen, trur eg dette er eit fenomen. At det berre skjer her, fordi dette er ein liten sjangerfestival. Men då tek eg feil.

For artistane Haley Shea frå gruppa Sløtface og Kaja Gunnufsen bad om kvotering på norske musikkfestivalar førre veke i NRK. Åtte av ti artistar som har stått på norske scener denne sommaren, er menn. Men det varierer frå festival til festival, sjølvsagt. Nokre festivalar klarar opp mot 40 prosent kvinner, medan andre knapt har éi, skriv statskanalen. Og slik har det vore i mange år.

I 2010 hadde NRK ei sak om problemet, der konklusjonen vart at kvotering, eller «tvangstrøye», var feil metode. Og det gjeld ikkje berre oslofestivalane. Moldejazz fekk kritikk for kjønnsbalansen seinast i fjor.

Argumentet går att: «Vi bookar ikkje kvinner fordi dei er kvinner, men fordi dei er gode musikarar.» Er svaret då at vi ikkje har gode kvinnelege musikarar? Finst det berre to kvinner per åtte menn på scena på norske festivalar fordi kvinner ikkje interesserer seg for musikk, for å spele instrument? Eller tek ein ikkje inn over seg at korkje Joni Mitchell eller Janis Joplin kom ferdige ut av ei form, komplett med lang diskografi og legendestatus? Joplin hadde truleg ikkje slått gjennom om ikkje bandet Big Brother and the Holding Company søkte etter ein kvinneleg vokalist.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement