Sideblikk
Ta vare på broxiansk allmenning
Han er fagleg unik i sameininga av rurale røter og urbant liv med politikk og akademia.
Ottar Brox fylte 90 år tysdag denne veka.
Foto: Sigrun Høgetveit Berg
Ottar Brox runda 90 år tysdag. Han er dårleg til beins, men still going strong. I eit par mannsaldrar har han vore eit omdreiingspunkt i norsk samfunnsdebatt med frie ord, alltid kopla på aktuelle saker og utviklingstrekk, men aldri utan fagleg bakgrunn, og alltid med feste i sosial og kulturell arv frå Torsken på Senja, der faren var lærar, småbrukar, lokalhistorikar og ordførar.
Frå bygdeopphavet i eit hushald i utkanten i etterkrigsåra gjekk han ein krunglete veg til Noregs landbrukshøgskule, der han delte hybel med ein likesinna venn, historikaren Kåre Lunden. Derifrå til akademiske posisjonar i sosialantropologi og professorat i sosiologi ved det nystarta Universitetet i Tromsø. Etter eit intermesso som leiar av Alternativ Framtid var hans faglege seniorheim Norsk institutt for by- og regionforsking i Oslo.
I ALL SI GJERNING har den nyfikne Brox trekt vekslar på dei rurale røtene sine, det urbane livet og breidda av akademiske, sosiale og politiske røynsler.
Han har brukt bakgrunnen i nord som kompetanse og kompass. Hjarta hans er fest med dei finaste, finaste band. Der han stima som gut og var sæl i sin heim. Denne heimen dreg han så blidt, når han langt er ifrå.
Men det som pregar Ottar Brox som samfunnsmenneske og fagmann, er at han ikkje berre minnest så vel dette land, dette fjell, denne strand, denne fjord, dette hav, denne stad. Han har det i seg og med seg, men ser det også utanfrå som råstoff for faglege resonnement, politikk og kronikkar. Teori er vel og bra og nyttig, men det må munna ut i praktisk samfunnsvitskap.
BYRÅSJEFEN HAR FØLGT Brox i ein dryg mannsalder, og han nektar ikkje for at jubilanten har utvida samfunnsdebatten med provoserande innspel og originale synsvinklar. Men med Hva skjer i Nord-Norge? En studie i norsk utkantpolitikk (1966) og Nord-Norge. Fra allmenning til koloni to tiår seinare, har han undergrave tilliten til sektorekspertisen og respekten for framsynet og den gode viljen til Forvaltninga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.