Kommentar

Tabula rasa i Gaza

President Trump planlegg eit Gaza utan palestinarar. For kort tid sidan var det noko berre dei mest høgreradikale ekstremistar kunne våge å drøyme om.

Palestinarar flyktar på nytt frå israelske bomber og rakettar, med ordre om frå no av å evakuera også ruinane dei har funne ly i nord på Gazastripa 18. mars.
Publisert Sist oppdatert

Natt til tysdag denne veka braut våpenkvila mellom Israel og Hamas fullstendig saman, da Israel gjennomførte 35 bombeangrep mot Gaza. Minst 413 palestinarar blei drepne og 660 skadde. Onsdag midt på dagen hadde talet på drepne stige til 970, ifølge palestinske helsestyresmakter.

Blant dei drepne er rundt 130 barn, men òg folk frå den øvste Hamas-leiinga, inkludert leiaren for styresmaktene i Gaza. Angrepa var koordinerte med USA, som i likskap med Israel skulda på Hamas.

Dermed ligg Trumps såkalla Gaza-plan tilsynelatande øvst i bunken.

Kva denne planen er, blei verda merksam på for nokre veker sidan da Trump posta ein KI-generert video, truleg laga i Israel, på sosiale medium. Der blei Gaza omskapt i presidentens bilete. Opp av ruinane reiste det seg ei blanding av Dubai, Las Vegas og Mar-a-Lago, med skyskraparhotell, yachtar og luksuseigedomar.

Kompisane Trump og Benjamin Netanyahu drikk cocktailar i solsenger på stranda, Elon Musk er òg til stades. Pengar dett frå himmelen, og i suvenirbutikkane kan ein kjøpe små gullforgylte statuar av presidenten. På eit torg er det reist ein gigantisk gullstatue i diktatorstil av den amerikanske presidenten.

Det er ofte blitt peika på at Trump tenker som ein eigedomsmeklar. Det har sjeldan vore like konkret som her. Det utbomba Gaza blei forvandla til ein «strandeigedom med stort potensial», for å nytte språket eigedomsmeklarar nyttar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement