Takk, Kim!

Karen Christine (Kim) Friele fotografert i september 1991.
Karen Christine (Kim) Friele fotografert i september 1991.
Publisert

Takk for følgjet, Kim. Eg har følgt deg i mange år, så vidt snakka med deg eit par gongar, men mest følgt deg frå sidelinja sidan eg sjølv kom ut på 70-talet. No kan du få kvile med godt samvit, med visse om alt det positive du har fått til gjennom eit langt liv. Det har vore ei samansett, men rik tid, fleire problem som måtte løysast, men samtidig gode opplevingar i fleng. No kan homofile gå gjennom livet med rak rygg og løfta hovud utan å skjemmast.

Vi skal ikkje gløyme dei aller første som gjorde sitt i styre og stell, som skreiv lesarbrev og lange artiklar i avisene – under psevdonym. Det var ikkje måte på kva vi hadde å slåst mot, for berre å nemne to ting: Bispeprotokollen frå 1954 som slo fast at homoseksuelle handlingar var perverse og forkastelege, og at vi utgjorde ei samfunnsfare av verdsdimensjonar. Og den kristne organisasjonen Moralsk Opprustning som i heilsides annonsar i 400 aviser verda over, også i Noreg, dreiv skremselspropaganda for å bakvaske homoseksuelle og erklære oss som mindreverdige og potensielle landsforrædarar.

Men du, Kim, stod tidleg fram og gav homoseksuelle eit ansikt og ei stemme. Det skal du ha all ros for. Ingen kunne stoppe munnen på den standhaftige frøken Wilhelmsen frå Fana. Du var jo ingen typisk Fana-stril akkurat, det avslørte dialekten fort, men ein rappkjefta bergensar som etter kvart tilsynelatande hadde funne si tydelege oppgåve. Eller var det eit kall til å bli sjølve homomisjonæren som skulle få alle skeive ut av skapet. I alle fall gje dei lovleg rett til å kome ut.

Også i Bergen stod homofile på stand, delte ut løpesetlar, besøkte skular og arbeidde og håpa på ei betre framtid, ikkje berre anerkjenning og toleranse, men aksept og forståing – med andre ord homofil frigjering. Det må vel leggjast til at ingen hadde trudd «frigjeringa» skulle gå så fort og så langt at homofile kunne gifte seg, ja til og med i kyrkja.

Men det var òg i heimbyen din du skulle møte mest motstand, og i den perioden var eg svært skuffa og sint på deg. Det var i 1978 då du og DNF-48 mellom anna ekskluderte kjærasten min, kasta han ut av Forbundet, berre fordi han var medlem av AHF (Arbeidsgrupper for Homofil Frigjering). Han som ikkje eingong var AKP-ar. Ja, det var tøffe tider, det. Eg var ikkje medlem av AHF, men støtta dei ved å abonnere på og seinare skrive i tidsskriftet deira, Løvetann.

Kort forklart var AHF ein «konkurrerande» sosialistisk homoorganisasjon som stod til venstre for DNF-48, og der AKP-ml nok var representert. Kim var ein svært dominerande og prinsippfast generalsekretær, og ho og DNF var rett og slett redde for at sosialistane og kommunistane i AHF skulle få for stor makt. DNF vedtok i 1978 å ekskludere ei rekkje av eigne medlemmer under påskot av at dei var medlemmer eller tilhengarar av AKP-ml. Det blei heller ikkje lov å vere medlem både av AHF og av DNF. Denne striden førte til splitting i homorørsla, ikkje minst i Bergen, der det blei danna ei ny foreining, Homofil Bevegelse i Bergen (HBB), og det kom liknande HB-rørsler rundt om i landet. Først i 1992 slo alle desse og DNF seg saman i ein ny landsdekkjande organisasjon, LLH, som i 2016 blei til det noverande Fri – foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement