Kommentar
Takksemd og nasjonsbygging
Det sameinte kongeriket tok avskil med Elizabeth II med stil og ny debatt om arven frå fortida – og om det som skal skje no.
Som George Bernard Shaw eingong sa: «Kongar trer ikkje berre fram, dei vert skapte
av ein kollektiv hallusinasjon.»
– For fyrste gong på 70 år må britane no syngja «God Save the King». Og no er det igjen mogleg å tala om King’s English. Teatera i London vil verte omdøypte til His Majestys’s Theatre, slik dei også gjorde ved tidlegare tronskifte, i 1837, 1901 og 1952.
Det har vore ei underleg veke i øyriket. Ei bisarr blanding av trivialitet og britisk stil. Ikkje utan innslag av kongefjesk me er framande for her heime.
Sjølv for ein prinsipiell republikanar gjer det inntrykk å sjå gamle heiderskrona offiserar stå i gjevakt og helsa kista i djupt alvor. Også vanlege folk i det ein må kalla genuin sorg.
Grunnen er klår: Dronning Elizabeth har vore eit slags fast punkt for to–tre generasjonar i ei omskifteleg verd. Lat oss ikkje undervurdera det. For ein som heile livet har vore oppteken av formene for politisk autoritet, har dette vore ei fascinerande oppleving av politisk symbolisme. Og styrken i nett denne symbolismen, midt i all journalistisk dekonstruksjon og modernitet. At Charles spontant møtte folket direkte – det gjorde Elizabeth aldri – er eit viktig teikn.
Kontinuitet og omskifte
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.