Tapar terreng
Arbeidarpartiet mister veljarar blant akademikarar, syner ny måling.
Arbeidarpartiet har ein veg å gå fram mot neste stortingsval. Her er nestleiarane Jan Christian Vestre og Tonje Brenna på valvaka ved førre kommune- og fylkestingsval.
Terje Pedersen
Fagforeininga Akademikerne har fått Respons Analyse til å kartleggje korleis akademikarar røystar.
Undersøkinga synte at berre 14 prosent av respondentane ville ha stemt Arbeidarpartiet (Ap) ved neste val. For folk under 35 år var talet berre 8 prosent.
Talet på folk over 16 år med høgare utdanning veks, frå 35 prosent i 2021 til 37 prosent i 2022, og difor vert veljargruppa viktigare for politikarene, hevdar enkelte.
Kva meiner Tiril Rustand Halvorsen, rådgjevar i den sentrum–venstre-orienterte Tankesmien Agenda, om målinga?
– Kvifor gjer Ap det dårleg blant akademikarar?
– Ein skal vere litt varsam med å overtolke einskildmålingar. Ap har over tid hatt dårlege målingar, i mange veljargrupper. At dei gjer det såpass dårleg i denne gruppa, trur eg handlar om at også akademikarar merkar at økonomien har endra seg. Prisane går opp, folk har stort studielån og gjerne bustadlån. Den høge renta rammar også dei med høg utdanning, særleg dei unge. Heller ikkje akademikarar er unnatekne frå tendensen til at parti som regjerer i vanskelege tider, dels vert skulda for å vere årsaka til vanskane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.