Tårer og gleder i ei krigstid

Medan avgjerda om kvar ein nasjonal militær gravlund skal liggje, dreg ut i tid, har styresmaktene endra ekteskapslova slik at eit bryllaup kan organiserast på éin dag.

I nysnøen ved fronten nær Avdiivka, i landsbyen Krasnohorivka, freista ein russisk stridsvognkolonne å trengja gjennom ukrainske liner 29. oktober 2023, men ble tvinga på retrett av artillerield.
I nysnøen ved fronten nær Avdiivka, i landsbyen Krasnohorivka, freista ein russisk stridsvognkolonne å trengja gjennom ukrainske liner 29. oktober 2023, men ble tvinga på retrett av artillerield.
Publisert Sist oppdatert

Sterk kuling råka Ukraina førre veke og velta hundrevis av tre, kutta kablar og gjorde mange hushald straumlause for ei tid. Alt har kurs mot vinter. På austfronten har det alt lagt seg snø på markene, og ferske videoopptak frå ukrainske dronar er lysare og gjev sterkare inntrykk.

I Avdijivka-området angrip russiske stridsvogner og mobilt artilleri kvar dag. Dei kryssar snødekte jorde i full fart og etterlèt seg svarte striper av berr mark. Ikkje før har ukrainske artilleristar slått ut nokre av dei, så snur dei fiendtlege køyretøya og pilar attende til posisjonane sine i den same høge farten, og lagar nye svarte striper på jorda.

Snø vekkjer ulike assosiasjonar hos folk. Somme hugsar barndommen sin, andre byrjar fundere på korleis dei skal feire jul. Men for mange ukrainarar skaper snøen som fell no, ei kjensle av uro. Det er jo slik at snøen utset alle byggjeplanar til våren, inkludert planen om å opprette ein nasjonal militær gravlund, som var tenkt å bli den viktigaste kvilestaden for dei militære heltane i denne krigen.

Det er ingen løyndom at mange familiar til falne militære forvarar urnene med oska etter søner og ektefellar heime medan dei ventar på at gravlunden skal bli til. I tillegg er mange urner med oska etter falne ukrainske soldatar å finne i krematorium.

Så tidleg som i mai 2022 røysta den ukrainske nasjonalforsamlinga for å skape ein nasjonal militær gravlund, men planlegginga av eit nasjonalt militærpanteon har ikkje kome vidare. Faktisk er lovframlegget enno ikkje underteikna av president Zelenskyj.

Opphavleg var det bestemt at plasseringa av panteonet skulle diskuterast med familiane til offera. I mars vart den frivillige organisasjonen Heart Out registrert i Ukraina. Han sameiner slektningane til falne ukrainske soldatar. Dessverre veks organisasjonen dag for dag, og han blir – sjølvsagt – meir og meir aktiv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement