Krig
Tårer på jernbanestasjonen
For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.
Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.
Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB
To gonger om dagen går eit gamalt, lite tog med to vogner mellom den slovakiske byen Kosice og den ukrainske byen Mukasjevo. Til vanleg må ein kjøpe billettar til dette toget på førehand, ettersom det tek berre hundre passasjerar og det alltid er fleire enn det som vil ha billettar.
Så godt som alle passasjerane på denne ruta er ukrainarar. Slovakar som bur nær Ukraina, vil heller reise med lokale elektriske tog, som er mykje meir moderne og komfortable enn dette. Men dei elektriske toga går ikkje eingong til den ukrainske grensestasjonen Tsjop. Målet deira er byen Čorna nad Tisou, den siste slovakiske byen før den slovakisk-ukrainske grensa.
Eg vart overraska over at toget frå Kosice til ukrainske Transkarpatia var berre halvfullt denne gongen. Det var litt uvanleg, men det var ikkje det som overraska meg mest.
Medan eg stod på perrongen og venta på toget, la eg merke til eit velkledd ukrainsk par midt i trettiåra. Kvinna gret og klemde mannen. Dei verka nervøse og diskuterte noko.
Han må vere på veg til Ukraina for å blir innrullert og dra til fronten, tenkte eg.
Sidan 18. mai har ei ny lov om mobilisering vore gjeldande i Ukraina. Ifølgje lova er det slik at alle menn i vernepliktig alder som bur i utlandet, må vende attende til Ukraina og melde seg ved eit kontor for registrering og innrullering. Oftast må dei deretter til helsesjekk og så til militæret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.