Tek dissens mot eiga regjering
Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) har vore med på å leggje fram forslag til ny abortlov, men vil på nokre punkt heller behalde den gamle.
Barne- og familieminister Kjersti Toppe og resten av statsrådane til Senterpartiet har teke dissens mot to større endringar i forslaget til ny abortlov.
Foto: Javad Parsa / NTB
Regjeringa har lagt fram forslag til ny abortlov, der retten til sjølvbestemt abort vert utvida frå veke 12 til veke 18 i svangerskapet. Lovforslaget inneber også at fostertalsreduksjon – som vil seie abort av eitt eller fleire, men ikkje alle, foster i eit fleirlingsvangerskap – vert opp til kvinna sjølv å ta stilling til fram til veke 18. Det siste vil innebere ei parkering av innskrenkinga KrF fekk gjennomslag for med retningsvalet i 2018.
Senterpartiet sine statsrådar har teke dissens mot begge dei konkrete endringspunkta over, men dei står elles bak resten av lovforslaget som er lagt fram. Det seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
– Kvifor er de imot sjølvbestemt abort til veke 18 og sjølvbestemt fostertalsreduksjon?
– Vi har både eit landsmøtevedtak og ei tydeleg formulering i stortingsprogrammet vårt om at vi vil vidareføre dagens abortlovgjeving. Både ei utviding til veke 18 og det å ta vekk nemndbehandling ved fostertalsreduksjon er å gå vekk frå det. Vi meiner dagens abortlov alt er eit godt forankra kompromiss, som balanserer mellom dei ulike verdiane og vanskelege etiske avvegingane som står mot kvarandre i dette spørsmålet. Kompromisset har også stått seg godt over tid. SSB si undersøking i 2021 synte at eit fleirtal av kvinner er for dagens grense på 12 veker. Sjølvbestemt abort fram til veke 18 vil nedtone fosterets verdi i regelverket. Det ønskjer eg ikkje.
– Og for fostertalsreduksjon?
– Her støttar vi abortutvalet sine vurderingar om at fostertalsreduksjon er noko anna enn abort: Det er ein annan type og eit meir spesialisert inngrep, der svangerskapet held fram for eitt eller fleire foster, og der det er ein risiko for attverande foster. Altså eit inngrep det også må gjerast ei medisinskfagleg vurdering rundt. Det går imot retten til at gravide fritt skal vurdere det sjølv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.