Terje Tvedt

– Ei antiimperialistisk venstreside gjekk inn i eit bistandsssystem der retorikk om kamp mot fattigdom og for universelle verdiar herska, seier Terje Tvedt.

– Den multikulturelle ideologien voks ut av eit bistandssystem som USA initierte for å stogga kommunismen, seier professor Terje Tvedt.
– Den multikulturelle ideologien voks ut av eit bistandssystem som USA initierte for å stogga kommunismen, seier professor Terje Tvedt.
Publisert

– Ideen om at bistanden representerte universelle verdiar og ein universell utviklingsstrategi, voks ut av eit bistandssystem som USA initierte for å stogga kommunismen og svekka den europeiske kolonialismen, seier professor Terje Tvedt og legg til:

– Og den vestlege venstresida vart gradvis overmanna av makta til denne universalismen.

Syklisten

Ein sprek 66-åring med piggdekk på sykkelen og cap på hovudet tek seg gjennom eit vinterleg Oslo sentrum der travle menneske spring fram og attende og stutte samtalar vert brotne av når heisen eller trikken brått stoggar – som om folk skundar seg for å halda tritt med dei snøgge skifta i samfunnet. I eit Noreg i endring går endringane så djupt at det sjeldan er tid til eller klokt å setja ord på dei. Men syklisten har teke seg god tid. Sidan han vart marxistleninist og SUF-ar i revolusjonsåret 1968, har han vore politisk medveten, dei siste 30 åra med eit uavhengig og kritisk blikk på utviklinga som har gjeve namn til den nye, store boka hans – Det internasjonale gjennombruddet.

Tittelen er eit ordspel på «det nasjonale gjennombrotet» midt på 1800-talet, i kjølvatnet av 1814, hundre år seinare manifestert i ein bygning som Bondeheimen, der han set frå seg sykkelen.

Undertittelen på boka har òg eit ordspel i seg. «Fra embetsmannsstat til flerpartistat» var namnet på eit føredrag som ein annan historieprofessor, Jens Arup Seip, heldt i 1963, på den tida ho byrjar, utviklinga Tvedt tek føre seg i boka, med undertittelen «Fra ’ettpartistat’ til flerkulturell stat».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement