Politikk

Tese 1: 

Eit spøkjelse går gjennom verda: populismen
  

Ein mann ber eit skilt med Ungarns statsminister Viktor Orbán og USAs president Donald Trump utanfor den amerikanske ambassaden i Budapest.
Publisert

I september 2008 vart den leiande amerikanske investeringsbanken Lehman Brothers slegen konkurs, med ei gjeld på 613 milliardar dollar. Finanskrisa på Wall Street, men ikkje berre der, markerte slutten på ein epoke som vart innleidd i 1979, då Margaret Thatchers britiske regjering som den fyrste i Europa sette i verk eit nyliberalt dereguleringsprogram.

Ti år seinare skapte Berlinmurens fall og samanbrotet i austblokka ei forventing om grenselaus ekspansjon av marknadskapitalismen. I The End of History and the Last Man (1992), den internasjonale bestseljaren til Francis Fukuyama, vart den nye tida feira som eit logisk sluttpunkt i menneskets utvikling, med universalisering av liberalt demokrati og kapitalistisk økonomi.

Å gå imot globaliseringa var som å gå imot dei vekslande årstidene, ifylgje statsminister Tony Blair frå New Labour. Sjefen for sentralbanken i USA, Alan Greenspan, sa det på sin måte i 2007: Det spelar knapt noka rolle kven som vert amerikansk president neste år – «verda er styrt av marknadskrefter».

Utviklinga etter 2008 har rive grunnen under den nyliberale triumfferda. Meir eller mindre liberale regime i aust og i vest har vorte utfordra av så vel høgre- som venstrepopulistiske rørsler: på høgresida Viktor Orbán i Ungarn, Giorgia Meloni i Italia, Marine Le Pen i Frankrike og Alternative für Deutschland (AfD); på venstresida Syriza i Hellas, Podemos i Spania og Movimento 5 i Italia.

Men det er høgrepopulismen med Donald Trump i spissen som har synt størst institusjonell slagkraft. Viktor Orbán, som i 2010 hadde vorte statsminister i Ungarn på eit høgrepopulistisk program, var i 2016 ein av dei fyrste statsleiarane som gratulerte Trump som amerikansk president.

Sigeren til Trump signaliserte ifylgje Orbán slutten på «liberalt ikkje-demokrati» og «retur til røynda»: «det sanne demokratiet». Då Orbán, som vart kalla «Trump før Trump», møtte Trump i Mar-a-Lago i Florida etter valsigeren i november 2024, var det som EU-president. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement