Politisk idéhistorie
Tese 4
I 2021 kom populismen til Hurdal: «No er det vanlege folks tur.»
Reklameplakat frå valkampen til Arbeidarpartiet hausten 2021.
Foto: Arbeidarpartiet
«Make America Great
Again» (Trump) og «Taking Back Control» (brexit) er slagord formulerte av
elitegrupper som gjer krav på å tale på vegner av folket. Brexit-kampanjen for britisk utmelding av EU (2016) var liksom
Trump-kampanjen ein nasjonalt orientert høgrepopulisme med eit sterkt
marknadsliberalt innslag. Den fremste leiarfiguren for brexit var Boris
Johnson, fyrst britisk utanriksminister (2016–2019), deretter leiar for det
konservative partiet (Tory) og britisk statsminister (2019–2022).
Også for den norske EU-opposisjonen har
perspektivet vore «folket mot eliten», men her i form av ein
sentrum–venstre-populisme. Slik var det i 1972 så vel som i 1994.
I EU-striden på 1990-talet stod den
populistiske Nei-dronninga Anne Enger Lahnstein (Sp) mot Ap-leiaren Gro Harlem
Brundtland som dirigent for den sosialdemokratiske tilpassinga til det
nyliberale EU. Eit radikalisert Sp braut ut av den borgarlege blokka og opna
for den raudgrøne regjeringskoalisjonen 2005–2013, leidd av Jens Stoltenberg,
Gros kronprins. Den demokratisk-populistiske rørsla vart marginalisert under
Stoltenberg-regimet, med ei blanding av reformteknokrati og nyliberal ideologi,
men kom tilbake med aukande opposisjonell kraft under Høgre-leiaren Erna
Solbergs meir eintydig nyliberale regjeringstid.
Sp vart etter kvart den tonegjevande
målberaren av ein demokratisk populisme, sekundert av populistiske variantar i
SV og ikkje minst i det postleninistiske Raudt. Den revitaliserte
venstrepopulismen opna for ein ny raudgrøn koalisjon med ein kile inn i eit
teknokratisk Ap med ein vedvarande populistisk understraum.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.