Politisk idéhistorie

Tese 5

Samfunnsteoretikarane har ikkje vore på høgd med det norske samfunnssystemet

Einar Gerhardsen: det norske sosialdemokratiet i eigen person. Her på skitur med kona Werna.
Publisert

Det idépolitiske portrettet mitt av Noreg kan lesast som ei motbok til den tysk-amerikanske Princeton-professoren Jan-Werner Müllers studie Contesting Democracy. Political Ideas in Twentieth-Century Europe (2011).

Om ein vil forstå kva for politiske idear og rørsler som har vore berande i etterkrigsperioden i Europa, frå 1945 til i dag, er svaret ifølgje Müller «dei moderate konservative kreftene», fyrst og fremst dei kristeleg-demokratiske partia. Müller nemner rett nok også «det sosialdemokratiske Skandinavia» (= Sverige), men det er redusert til «eit spesialtilfelle».

Müllers synspunkt har sikkert mykje for seg om ein ser på sentrale delar av det europeiske kontinentet, men det illustrerer samtidig ein avstand til den skandinaviske etterkrigsperioden. Denne avstanden heng saman med ein mangelfull refleksjon i Skandinavia over det eigenarta historiske bidraget som den sosialdemokratiske samfunnsforma har vore.

Poenget mitt er at den sosialdemokratiske revisjonismen, med den ofte forkjetra tyske sosialisten Eduard Bernstein (1850–1932) som retningsgjevande ideolog, er eit alternativ til så vel marxismen som liberalismen og konservatismen.

I dag kan vi leggje til at sosialdemokratiet har vore det mest vellykka reformprosjektet i det 20. hundreåret. Det har korkje dei avideologiserte sosialdemokratane sjølve eller kritikarane deira til venstre – som underskrivne – forstått, og heller ikkje historikarane, samfunnsvitarane og filosofane elles.

I føredraget «Sosialisme på norsk» på SVs landsmøte i 1979 argumenterte eg for «en tredje vei mellom stalinisme og sosialdemokrati». Der og då gav det meining og var som søt musikk i øyra til tilhengarane av det nedlagde Sosialistisk Folkeparti med Finn Gustavsen i spissen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement