Politisk idéhistorie

Tese 7

Kongehuset er ein anakronistisk institusjon som har vorte stadig meir tidsmessig.

I ei tid med sosialdemokratisk forvitring har kongen vorte ein formanande berar av sosialdemokratiske dygder.
Publisert Sist oppdatert

Ifølgje Marcus Jacob Monrad, den store filosofen på 1800-talet som stod Oscar II nær, hadde kongemakta eit sterkare «Hold i Folkebevidstheden» enn den fleirtalsviljen som var samla i stortingssalen – «et af Vinden sammenblæst Sandbjerg, der snart igjen skal spredes for alle Vinde». Denne kongemakta vart politisk detronisert i 1880-åra med gjennombrotet for parlamentarismen under parolen «all makt i denne sal».

Stortingssalen vart det nye kommunikative sentrumet for politikken. Kongemakta har sidan den tid gått gjennom ei oppsiktsvekkjande forvandling. Det kongen har mista av politisk makt, har han vunne tilbake i kraft av ein autoritet bortanom politikkens frontar. 

Denne samfunnsmoralske autoriteten, ein arv frå Haakon VII og Olav V, har fått ein ny, sosialdemokratisk aksent under Harald V.

I tråd med den symbolsk-seremonielle funksjonen til monarkiet er kong Harald vanlegvis berre ordlaust til stades i det offentlege rommet. Men når han unntaksvis tek ordet, som gjennom nyttårstalane, får orda ei eiga tyngd; kongen blir røysta til nasjonen.

«Politikk handler om fellesskap og fellesskapets oppgaver», formante kong Harald i ein av talane sine, i det ligg det at politikarane har plikt til «å tenke helhetlig i en tid hvor tradisjonell solidaritet står i fare for å forvitre, og hvor en tiltagende grådighetskultur brer om seg».

I ei tid med sosialdemokratisk forvitring har kongen vorte ein formanande berar av sosialdemokratiske dygder. Det kan ein derimot ikkje seie om ei prinsesse som bruker kongehuset som salsportal. Også kongen må halde orden i eige hus.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement