Politiske idéhistorie
Tese 8
Den norske kyrkja har gått gjennom eit hamskifte frå konservativ samfunnsstøtte til raudgrøn agent.
Sunniva Gylver blir vigsla til ny biskop i Oslo i domkyrkja.
Det kyrkjelege hamskiftet var den mest djuptgripande følgja av det norske 68-opprøret. Det har lenge vore oversett i historia om det norske 68-opprøret, der det politiske vekkingsfenomenet AKP (m-l) har vore dominerande innslag. Medan Kyrkja står i ein tusenår gammal tradisjon, er AKP (m-l) ei døgnfluge, rett nok med eit fascinerande, nærast uutsletteleg nærvær i den lokale, mediale ålmenta.
Den konservative politiske basisen til kyrkja vart sementert i 1883 ved oppropet «Til Christendommens Venner i vort Land», ført i pennen av teologiprofessor Gisle Johnson, med ei åtvaring mot demokrati og annan ugudeleg venstreradikalisme. I dei seinare tiåra har Kyrkja derimot plassert seg trygt til venstre for sentrum, med eit sterkt politisk engasjement i klima, miljø, likestilling og homofili.
Vendepunktet var møtet i Verdsrådet for kyrkjer i Uppsala i 1968, «der alt vart nytt». Synda ligg også i samfunnsstrukturane, skriv Trond Bakkevig og Tomm Kristiansen i Da Gud skiftet mening (2018). Vendinga blir illustrert via Oslo Indremisjon, som vart stifta i 1855 av Gisle Johnson og flokken hans og i 1985 skifta namn til Kirkens Bymisjon. I 2017 vart Kari Veiteberg, den venstreradikale gatepresten til bymisjonen, biskop i Oslo.
For den nye «reformkyrkja» vart Andreas Aarflot, Oslo-biskop 1978–1998, den nasjonale strategen. Aarflot hadde vore professor i kyrkjehistorie ved Menighetsfakultetet (MF), men teologisk sett stått mellom frontane. Han fekk ein alliert i venstresosialisten Berge Furre, som hadde vore ein av stiftarane av Sosialistisk Folkeparti i 1961 og leiar for SV 1976–1983, og som i 1991 vart professor i kyrkjehistorie ved Teologisk fakultet (TF) på universitetet.
Via dei to kyrkjehistorikarane vart det bygd ei sosialradikal bru over kløfta mellom det pietistisk-ortodokse MF og det sosialdemokratisk-liberale TF. Prosessen med å omforme Den norske kyrkja etter 68-opprøret vart fullbyrda på 1990-talet av den i 68 usannsynlege alliansen mellom Aarflot og Furre og symbolisert med Gunnar Stålsett som raudgrøn Oslo-biskop 1998–2005.
Med valet av Sunniva Gylver – og ikkje Stålsett 2 – som Oslo-biskop i 2025, signaliserte Den norske kyrkja eit oppbrot frå den politiserande kyrkja. «Kyrkja er ein fellesskap i trua, ikkje ein fellesskap av meiningar», understreka Gylver. Med henne har Kyrkja igjen fått ein biskop som trur på dommedag: «Vi må stå til rekneskap med livet vårt overfor Skaparen.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.