Krig
Ti år med krig og ei Jesus-tatovering
Kvifor markerer ikkje verda tiårsdagen for den russiske aggresjonen, men føretrekkjer å snakke om toårsdagen for den siste, fullskala fasen av konflikten?
I Selydove ved Avdijivka-fronten 19. februar freistar Nadezhda Prokopenko rydde hagen til ein slektning som har fått huset råka av ein russisk rakett.
Foto: Thomas Peter / Reuters / NTB
Denne krigen byrja faktisk 20. februar 2014, etter drapa på Majdan-demonstrantar, med annekteringa av Krym og skipinga av to separatist-«republikkar» på ukrainsk territorium: Lugansk og Donetsk. Av ein eller annan grunn spør ikkje eingong ukrainske journalistar om kvifor ingen snakkar om den ti år lange krigen vår. Svaret er likevel meir eller mindre klart. Europa, USA og resten av verda såg på det som skjedde i 2014–2015, som ei «intern» sak som Russland og Ukraina fekk ordne opp i sjølve.
Det likna den russiske aggresjonen mot Georgia i 2008, som òg fekk svært lite merksemd frå Vesten. Fram til ganske nyleg har mange europeiske politikarar vurdert land som tidlegare var del av Sovjetsamveldet, som «ein familie», med unntak av Litauen, Latvia og Estland. Misforståingar og fornærmingar førekjem i alle familiar, og av og til kan slike disputtar bli valdelege.
Først for to år sidan, særleg etter massakrane på sivile i Butsja, Vorzel, Irpin og Borodyanka, slutta verda å sjå på denne krigen som ein «intern konflikt», og valde endeleg å stå saman med offeret for russisk aggresjon – Ukraina.
Difor er denne årsdagen ikkje den andre eller tiande årsdagen for russisk aggresjon, slik eg ser det, men den andre årsdagen for at det gjekk opp for Europa, USA og andre land at vi var på randa av ein tredje verdskrig, og at den katastrofen berre kan hindrast dersom Putin og den russiske aggresjonen blir stogga. For denne aggresjonen er ikkje retta berre mot Ukraina, men mot demokratiske verdiar som eit heile, og mot dei landa som forsvarer desse verdiane.
Ukrainarar har ikkje lenger fokus på datoar. Søndag 18. februar var det ei markering på Majdan-plassen til minne om demonstrantane som vart drepne av snikskyttarar for ti år sidan. Annekteringa av Krym vart hugsa òg, men det viktigaste samtaleemnet var Avdijivka. Russiske troppar hadde følgt Putins ordre om å oppnå ei eller anna form for siger før presidentvalet i mars. Erobringa av Avdijivka var ei direkte følgje av at Ukraina mangla artillerigranatar og effektive luftvernsystem på slagmarka. Byen Avdijivka var alt øydelagd av tusenvis av 500-kilos bomber kasta frå fly, og av hundretusenvis av artillerigranatar, før han vart teken av det russiske militæret.
Ettersom byen stod imot separatistar og det russiske militæret i nesten ti år, vil fallet ikkje vere siger nok for Putin. Det russiske militæret vil freiste å rykkje fram på andre delar av fronten, på jakt etter stader der det kan bryte gjennom forsvarslinjene og fylle russiske medium med fotografi av «heroiske russiske soldatar» som går til kamp og døyr «for moderlandet, for Putin». Putin treng alle desse meldingane, for russarane må stadig fórast med grunnar til å vere stolte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.