Kriminalitet
– Til det beste for barna
Eit ekspertutval har komme med 20 tiltak for å kjempe mot ungdomskriminalitet. Prislappen er ein halv milliard kroner.
Politiet arbeider på åstaden ved Oslo S der ein 16-årig gut blei knivstukken i juni i fjor. Fem dagar seinare døydde han av skadane. Ein 17-åring blei dømd i tingretten i februar, men har anka saka.
Javad Parsa
Kriminaliteten aukar blant norsk ungdom. I 2023 blei 9000 mindreårige sikta for lovbrot. Kring halvparten av dei var yngre enn 15 år. Blant dei under kriminell lågalder er talet stigande, og det er òg her vi finn den største auken i grov valdsbruk. I juni vart ein 16-åring knivstukken og drepen på Oslo S. Ein 17-åring blei dømd for drapet. I november og januar var det knivstikkingar på Mortensrud og på Romsås i Oslo, der fleirtalet av dei mistenkte var mindreårige.
No vil styresmaktene ta grep. Førre veke leverte eit ekspertutval ein rapport om kva vi skal gjere med dei barna som utfører grov og gjentatt kriminalitet. Knut Storberget, som var justisminister i delar av perioden 2002–2009, då ungdomskriminaliteten var endå høgare enn i dag, har leidd utvalet.
– Det er rett at totalen er lågare i dag enn den gongen, fortel han.
– Men i den yngste gruppa, for dei under strafferettsleg lågalder, trur eg vi nærmar oss eit nivå vi aldri har vore på. Desse barna driv ikkje berre med butikknasking. Det er vald, trugsmål og ran. Så er det ofte slik at panikken tar over for politikken. Vi må klare å halde hovudet kaldt. Enno har vi ikkje ferdige tal frå 2024, men dei tala eg har sett hos politiet, kan tyde på at kriminaliteten gjekk litt tilbake i denne aldersgruppa i fjor.
– Kven er dei unge kriminelle, og kva er årsaka til at dei endar opp på feil side av lova?
– Det er tusenkronarsspørsmålet. Utvalet har jobba med materialet i eit halvt år, så får kriminologane gjere vidare undersøkingar. Sjølv meiner vi å ha funne nokre fellestrekk i kjeldene våre. Dette er unge menneske som nett har gått gjennom ein pandemi. Dei er òg sosialt utsette, kjem gjerne frå ressursfattige heimar og oppløyste familiar. I tillegg har mange av dei vore utsette for vald og overgrep, anten i eller utanfor heimen. Ikkje er det eit reint Oslo-problem heller: Kriminaliteten aukar utanfor hovudstaden òg. Det gjer at vi må bygge opp det kommunale barnevernet over heile landet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.