Til krig mot staten
Erobringa av den meksikanske byen Culiacán syner kor stor makt dei meksikanske narkokartella har vunne.
Væpna menn frå Sinaloa-kartellet patruljerer i gata i Culiacán i Mexico 17. oktober. Styrkane til kartellet overmanna soldatane frå nasjonalgarden, stengde ned flyplassen og tok kontroll over byen.
Foto: Reuters / NTB scanpix
Væpna menn frå Sinaloa-kartellet patruljerer i gata i Culiacán i Mexico 17. oktober. Styrkane til kartellet overmanna soldatane frå nasjonalgarden, stengde ned flyplassen og tok kontroll over byen.
Foto: Reuters / NTB scanpix
Utanriks
peranders@dagogtid.no
Da Ovidio Guzmán López vart arrestert i byen Culiacán i Sinaloa-provinsen 17. oktober, såg det først ut som ein liten siger for den meksikanske staten i kampen mot narkotikakartella. Lopez er sonen til Joaquín Guzmán, kjend som «El Chapo», den tidlegare leiaren for Sinaloa-kartellet, ein av dei mektigaste narkotikabandane i Mexico. «El Chapo» stod i si tid på Forbes-lista over verdas mektigaste og skal på det meste ha vore god for kring ti milliardar kroner, men sit no i eit spesialfengsel for særleg farlege fangar i Colorado i USA. Sonen Ovidio er rekna som ein av leiarane i kartellet i dag, og har lenge vore ettersøkt av både Mexico og USA.
Men gleda over arrestasjonen varte ikkje lenge. Sinaloa-kartellet mobiliserte raskt styrkane sine til open kamp mot statsmakta, og provinshovudstaden Culiacán, ein by med kring 800.000 innbyggjarar, vart til ei krigssone. Eit hundretal væpna menn, utrusta med mellom anna maskingevær og granatkastarar, tok over kontrollen med mykje av byen. Dei sperra av hovudvegane med bilbarrikadar, stengde ned flyplassen og tok fleire soldatar som gissel. Politiet og den vesle styrken på kring 30 mann frå nasjonalgarden hadde lite å stille opp med mot overmakta. Og den meksikanske staten valde å gje etter for valdsmennene: Ovidio Guzmán López vart sleppt fri.
19. oktober forsvarte president Andres Manuel López Obrador avgjerda. Ved å sleppe fri Ovidio hindra styresmaktene ein større massakre i Culiacán, meinte presidenten.
Normale tal
Kva får denne hendinga til å skilje seg ut i den dystre historia om narkokrigen i Mexico? Det er ikkje spesielt at den arresterte skurken slapp unna, slikt har skjedd mange gonger før. Faren Joaquín Guzmán klarte til og med å rømme frå meksikanske fengsel to gonger, takk vere sine mange gode hjelparar på utsida. Heller ikkje var talet på offer for skytinga så langt utanfor det vanlege. 13 menneske skal ha mista livet i kampane i Culiacán – det er sjølvsagt ille, men i kampen mellom narkobandar og styresmakter i Mexico er ikkje slike dødstal ekstreme. Tidlegare i oktober vart til dømes 14 politifolk drepne av tungt væpna kriminelle i eit bakhald i delstaten Michoacán.
Det spesielle med situasjonen i Culiacán var at Sinaloa-kartellet ope utfordra valdsmonopolet til staten, overvann ein styrke frå hæren, kontrollerte ein stor by og pressa styresmaktene til å gje frå seg ein arrestert bandeleiar. Det er noko ein ikkje skulle tru var mogleg i ein moderne, nokolunde fungerande stat i fredstid.
At ein bande med væpna menn erobrar ein by – det er slikt som hender i ein borgarkrigssituasjon, i land der statsapparatet har kollapsa. Men Mexico er ikkje eit land i borgarkrig, og det er ikkje det statsvitarar kallar ein «failed state». Mexico er eit høgt utvikla land på dei aller fleste måtar: eit veletablert demokrati med eit brukbart utdanningssystem og ein av dei mest avanserte industriøkonomiane i Latin-Amerika. Rett nok er det svært mange fattige i Mexico: Kring 50 millionar menneske lever under fattigdomsgrensa. Men dette er ikkje eit fattig land. BNP per innbyggar i Mexico er på nivå med det kinesiske, og det er større enn i land som Tyrkia og Brasil.
Valden aukar
Samstundes gjorde oppgjeret i Culiacán synleg kor stor makt dei paramilitære styrkane til kartella faktisk har i Mexico. Dei kriminelle gruppene har i praksis territoriell kontroll i store delar av landet, skreiv statsvitaren Denise Dresser i Foreign Affairs i fjor, og dei driv ikkje berre med narkohandel, men med eit breitt spekter av ulovlege aktivitetar. Makta deira er i hovudsak bygd på to ting: pengar og vald. Kvart år misser fleire tusen livet i oppgjer mellom dei kriminelle, i kamp mellom kartella og hæren eller politiet, folk døyr som tilfeldige offer i krysseld – eller dei blir myrda fordi dei ikkje vil gjere som kartella vil. Hundrevis av politikarar, tenestemenn og journalistar har blitt likviderte i Mexico dei siste åra, og dei kriminelle organisasjonane har òg stått bak reine massakrar på sivile.
Dei årlege drapstala i landet har blitt meir enn tredobla sidan 2006. For tida blir over 3000 menneske drepne i Mexico kvar månad, og 2019 ser ut til å setje ein ny dyster rekord.
Døde og forsvunne
Ingen kan seie sikkert kor mange liv narkokrigen i Mexico har kosta til saman. Det er ikkje alltid openbert kva motivet er bak eit drap. Men eit anslag frå meksikanske styresmakter er at kring 150.000 av drapa i landet frå 2007 til 2018 er knytte til organisert kriminalitet, som i hovudsak handlar om narkotikahandelen. Valden i landet har no eit omfang som ein normalt assosierer med ein krigssituasjon. Drapstala i Mexico i denne perioden er langt høgare enn summen av sivile og militære dødsoffer i krigen i Afghanistan sidan 2001. I tillegg har over 34.000 meksikanarar forsvunne det siste tiåret, og svært mange av desse er truleg drepne.
Mexico er òg eit stort land, med eit folketal på 125 millionar innbyggarar. Når statsapparatet i eit slikt land viser seg hjelpelaust i kamp mot ein væpna bande som i Culiacán i oktober, er det desto meir urovekkande. Sinaloa-kartellet er berre ein av mange mektige kriminelle organisasjonar i Mexico. Korleis kunne det gå så gale?
Krigserklæringa
Byrjinga på det som blir kalla narkokrigen i Mexico, er på eitt vis lett å tidfeste: I desember 2006 erklærte president Felipe Calderón krig mot narkotikakartella og sette inn hæren mot smuglarbandane i delstaten Michoacán. På dette tidspunktet var Mexico eitt av dei minst valdelege landa i Latin-Amerika. Medan mange andre latinamerikanske statar vart brutaliserte av diktatur og borgarkrigar, hadde drapstala i Mexico stort sett gått nedover sidan 1930-åra. Men etter krigserklæringa til Calderòn i 2006 har valden blitt verre år for år.
Samtidig startar denne historia eigentleg mykje tidlegare. Der eit relativt fattig land grensar til eit rikt land, vil det alltid vere pengar å tene for smuglarar, og grensa mellom Mexico og USA er over 3000 kilometer lang. I forbodstida i 1930-åra tente mange meksikanarar godt på å smugle sprit inn til USA. Seinare byrja folk å smugle marihuana og heroin over Rio Grande, og i 1980-åra vart frakta av kokain frå Colombia ei stor og lukrativ næring i Mexico. Det institusjonelle revolusjonspartiet (PRI), som styrte Mexico frå 1929 til 2000, såg stort sett gjennom fingrane med smuglinga, og under PRI-styret fekk korrupsjonen gjennomsyre mykje av politikken og statsapparatet i landet.
Gjennomkorrupt
Men desse problema vart på ingen måte løyste etter at PRI mista makta i 2000. Trass i alle fagre lovnader og fleire utreinskingskampanjar har ingen av regjeringsskifta sidan da ført til nemneverdig betring. Somme Mexico-kjennarar hevdar at korrupsjonen heller har auka. Meksikanske regjeringar har fleire gonger prøvd å etablere nye, «reine» spesialstyrkar eller politiavdelingar, men korrupsjon margstel framleis rettsvesenet, politiet og hæren. Og når narkokartella kan betale mykje betre enn staten gjer, vil det alltid vere freistande for dei våpenføre å byte arbeidsgjevar. Også mange spesialsoldatar frå elitestyrkane har gått over til kartella, skreiv The Guardian i 2018.
I nokre år var det mogleg å hevde at den meksikanske narkokrigen var ganske vellukka, vurdert ut frå dei erklærte måla. Etter pådriv frå USA var ein sentral del av strategien å gå etter leiarane i kartella – å «kappe hovudet» av organisasjonane – slik det vart gjort i kampen mot dei colombianske narkobandane i 1990-åra. Og ei lang rekkje leiarfigurar i dei meksikanske kartella har faktisk blitt arresterte eller drepne sidan narkokrigen starta i 2006. Men dette har slett ikkje knekt dei kriminelle organisasjonane i Mexico. Når leiarfigurar har blitt fengsla eller skotne, har det ofte ført til fragmentering av kartella med nye kampar om leiarskap og territorium, og narkokrigen har vore med på å forsterke valdsspiralen i landet. I tillegg har også hæren og politiet drepe og mishandla uskuldige menneske.
Klemmar eller kuler
Samtidig er det ikkje lett å sjå kva som eigentleg kan hjelpe. Andrés Manuel López Obrador, som vart vald til president i fjor, har ønskt å redusere maktbruken. Det nyttar ikkje å kjempe med eld mot eld, har Obrador sagt. «Klemmar, ikkje kuler» er slagordet hans i tryggingspolitikken. Presidenten vil få slutt på overgrepa til hæren og politiet og styrkje menneskerettane i landet, og han vil redusere fattigdomen og styrkje utdanningssystemet, slik at folk får fleire alternativ og livet som kriminell blir mindre attraktivt. Men å endre samfunnet og økonomien i eit land tek lang tid, medan narkotikaindustrien er full av raske pengar.
Og trass i den erklærte pasifismen til presidenten har drapstala i Mexico halde fram med å auke sidan Obrador vart president. Han satsar ikkje på berre silkehanskar, heller. Obrador har i år oppretta ein ny nasjonalgarde på 60.000 mann som dels skal kjempe mot narkotikakartella, dels stogga ulovlege migrantar som er på veg til USA.
Store pengar
Anten ein satsar på klemmar eller kuler: Så lenge profitten i narkotikahandelen er så enorm, vil det uansett vere vanskeleg å bremse denne businessen. Naturleg nok veit ingen kor stor omsetnaden til narkotikasmuglarane i Mexico er. Men i 2011 anslo justisdepartementet i USA at kartella smugla narkotika for mellom 200 og 400 milliardar kroner inn til USA kvart år.
Det er lett å skjøne at styresmaktene i USA er misnøgde med at narkotika i kolossale mengder flyt over grensa frå sør. Samstundes har også meksikanarane gode grunnar til å vere frustrerte over naboen sin. Det er etterspurnaden i USA, verdas største narkotikamarknad, som held liv i dei brutale kartella som spreier død og liding i Mexico.
Legaliseringa av marihuana i nokre av delstatane i USA dei siste åra har redusert marknaden for smuglarane noko. Men handelen med kokain, heroin og metamfetamin går sin gang over grensa. I tillegg har den legale omsetjinga av opioid som fentanyl skapt millionar av nye narkomane i USA det siste tiåret. Når helsevesenet i USA omsider har stramma inn denne medikamentbruken, blir mykje fentanyl produsert på illegale laboratorium i Mexico og smugla inn til USA.
Våpen mot sør
Samtidig skjer det ein trafikk andre vegen som er med på å gjere kartella sterkare og livet i Mexico farlegare. Kring 70 prosent av våpena som blir kverrsette hos kriminelle i Mexico, stammar frå USA. Det er store mengder det er snakk om. Mellom 2007 og 2018 vart meir enn 150.000 våpen kjøpte i USA kverrsette i Mexico, skreiv New York Times i år. Mykje av dette er automatiske eller halvautomatiske våpen. I mange tilfelle er kartella betre væpna enn politiet og soldatane dei kjempar mot, slik tilfellet var i Culiacán i oktober.
For mange meksikanarar kan det verke meir attraktivt å late kartella drive forretningane sine i fred enn å halde fram ein narkokrig som verkar umogleg for staten å vinne. Etter kampane i Culiacán i oktober sa mange av innbyggarane at dei var glade for at styresmaktene gav etter for Sinaloa-kartellet og sleppte fri Ovidio Guzmán López. Dei meiner mange liv vart berga på det viset.
Samtidig har presidenten fått hard kritikk frå opposisjonen for å ha vore ettergjevande. Mange meiner at kartella no har lært at dei kan tvinge staten i kne om dei brukar tilstrekkeleg eldkraft. Det er ikkje sikkert at den erfaringa kjem til å redusere valden i Mexico i tida som kjem.
Dei kriminelle gruppene har i praksis territoriell kontroll i store delar av landet.
Narkokrigen
I Mexico har kriminelle organisasjonar tent seg styrtrike på narkotikahandel gjennom mange år.
Verdien av narkotikaen som går til USA, kan vere mellom 200 og 400 milliardar kroner.
Sidan 2006 har den meksikanske staten ført krig mot kartella.
Sidan da har valden i landet auka dramatisk, og drapstala er meir enn tredobla.
Over 3000 menneske blir myrda i Mexico kvar månad.