Utdanning

Toleransegrensa er flytta

Valden og truslane i skulen har blitt meir alvorlege, meiner Lene Bakkedal.

Andre tilsette ved skulen er minst like utsette for vald og truslar som læraren er, seier Lene Bakkedal.
Andre tilsette ved skulen er minst like utsette for vald og truslar som læraren er, seier Lene Bakkedal.
Publisert Sist oppdatert

Onsdag publiserte Aftenposten ein artikkel om vald i skulen. Etter å ha fått innsyn i 23.292 avviksmeldingar i 2017–2022 kunne dei fortelje at det blir meldt inn i snitt 20 valds- og trusselepisodar i Oslo-skulen kvar dag, med flest avvik i barneskulen.

Lene Bakkedal er forbundssekretær i Skolenes landsforbund og har vore kontaktlærar i 20 år på ungdomstrinnet.

– Er du overraska over funna til Aftenposten?

– Nei, dessverre. Eg får mange tilbakemeldingar på dette frå medlemmene våre.

– Har du sjølv opplevd episodar i klasserommet der ein elev har kome med truslar eller utsett deg for vald?

– Ja, det har eg, fleire gonger. Det skjer ting i klasserommet, men då mest truslar eller at dei fyk ut etter å ha velta ein stol eller pult. Då eg gjekk inspeksjon i friminutta, opplevde eg også episodar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement