Intervju
Tollaren mot Goliat
Unge nordmenn bruker langt meir kokain enn gjennomsnittseuropearen, og smuglarane har fått auga opp for den underbemanna grensa vår. – Noreg har ikkje evna å ruste opp, seier Karin Tanderø Schaug i Norsk Tollerforbund.
I fjor haust fann tollarar på Oslo lufthamn 36 kilo Willy Wonka-sjokolade som inneheldt cannabisstoffet THC og psilocybin, det psykoaktive verkestoffet i fleinsopp.
Foto: Tolletaten
Både statistikk og avløpsvatn viser at bruken av sentralstimulerande rusmiddel som kokain og MDMA har auka drastisk. Ifølge Nova-undersøkinga «Ung i Oslo 2023» har 17 prosent av gutane på Vg3 i Oslo brukt kokain. I første halvdelen av 2024 blei det gjort 992 kokainbeslag, 436 MDMA-beslag – ein auke på 47 prosent på eitt år – og 134 ketaminbeslag.
– Kripos og Europol har uttalt at Noreg er i ferd med å bli eit nytt transittland for narkotikastraumen mellom Sør-Amerika og Europa. Korleis har Noreg enda opp som ein inngangsport for smuglarane?
– Tolletaten har ei avgjerande rolle i å hindre at illegale stoff kjem over grensa, men etaten er svekt. Det har vi varsla om lenge. Vi har for få operative på vakt, både langs kysten, på grensene og på flyplassane. Dei illegale nettverka ser etter nye vegar og marknader, og no utgjer særleg kokain som blir send sjøvegen, ein stor trussel. EU har brukt 200 millionar euro på å ruste opp tollvesenet og styrkt dei største hamnene, der dei har gjort store beslag. Noreg, derimot, har ikkje evna å ruste opp. Derfor er vi sårbare.
– Vi har rett nok over 3000 hamner og kaianlegg, ifølge Kystverket. Kva må til der?
– Det er avgjerande at vi får styrkt bemanninga. Vi må vere til stades i tillegg til å jobbe førebyggande. Vi er rundt 600 tollarar på vakt; eg meiner vi må vere 1000. I tillegg treng vi skannarar. Vi har fire, men tre av dei er gamle og må skiftast ut. Det har vi no fått midlar til. Akkurat der har regjeringa lytta: Vi får fornya fartøy, og snart har vi fem skannarar. Med ein skannar kan ein lyse gjennom ein konteinar på få minutt i staden for å tømme han, noko som kan ta fleire dagar. Men igjen: Det hjelper ikkje å ha utstyr så lenge vi manglar folk. Eg var i møte med finansminister Tryge Slagsvold Vedum i går, og dette var bodskapen min til han. Utan bemanning blir ikkje smuglarane tatt. Regjeringa vil ikkje klare å «knuse gjengane», som dei seier dei vil.
– Kva kom ut av møtet med Vedum?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.