Samfunn I Hallgeir Opedal

Tollaren Trump

President Donald Trump tek i bruk eit 4000 år gamalt knep for å få det som han vil: tollsatsar.

Det var på dette møtet i Chicago i fjor haust at Donald Trump fortalte om sin lidenskap for toll. (AP Photo/Evan Vucci)
Publisert Sist oppdatert

For meg er toll det vakraste ordet i ordboka. Det er favorittordet mitt, sa Donald Trump under eit møte med næringslivsleiarar i Chicago i oktober i fjor.

Kvifor var toll – eller tariff , som det heiter på engelsk – favorittordet hans? Jo, fordi toll var eit universalmiddel, meinte han, som ville tvinge selskap til å produsere i USA, skape amerikanske arbeidsplassar og økonomisk vekst, noko som igjen ville styrke dollaren som verdas reservevaluta.

– Dette har vore ei vanleg haldning blant mange republikanske politikarar, men òg blant ein god del demokratar, seier Ola Grytten, professor i økonomisk historie ved Norges Handelshøyskole i Bergen.

Grytten er ein travel mann. Han fortel at berre denne dagen har 14 journalistar ringt han.

– Kva dei lurer på? Det same som deg. Toll.

Det er mange sitat frå amerikanske presidentar om kor fantastisk toll er, fortel Grytten. William McKinley, som var president frå 1897 til han blei skoten under verdsutstillinga i Buffalo i New York i 1901, sa det slik: «Under frihandel er handelsmannen herre og produsenten slave. Vern er ikkje anna enn naturens lov, sjølvopphaldsdrifta si lov, sjølvutviklinga si lov, for å sikre menneskja sin høgaste og beste lagnad».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement