Utanriks
Toreskyer og regnbogar
Det er turbulente tilhøve mellom USA og Kina. Å unngå at ting vert verre, har blitt definisjonen på suksess. Det er urovekkande.
Ein regnboge er synleg over flyet som tek den amerikanske finansministeren Janet Yellen til det kinesiske vertskapet. Beijing internasjonale lufthamn, torsdag 6. juli 2023.
Foto: Mark Schiefelbein / Reuters / NTB
Då USAs finansminister Janet Yellen landa i Beijing førre fredag, vart ho møtt av ein smilande representant frå finansdepartementet i Kina som peikte på ein regnboge. Yellen var i Beijing for å ha samtalar med Kinas økonomiske leiarar om handel, økonomi og teknologisk konkurranse.
På eit av møta uttalte Kinas statsminister Li Qiang at regnbogen kan gjelde for Kina–USA-forholdet òg: «Etter ein periode med vind og regn er det sikkert at me vil sjå ein regnboge.» Men det blir feil å tolke besøket til Yellen som eit teikn på ei monaleg betring i forholdet mellom landa.
Forholdet har blitt så dårleg dei siste åra og forventingane var så låge at berre det å få på plass eit møte med lange og konstruktive samtalar vart ein suksess. The Global Times, ei partistyrt avis i Kina, bruker nok ein metafor for å skildre stoda: Fleire moment ved møtet «har gjeve omverda nokre positive forventingar. Men desse forventingane er som eit stearinlys i vinden, svakt og usikkert».
Kva er drivkrafta bak dei økonomiske og militære spenningane mellom landa i dag? Me har diskutert dette med ekspertar frå Australia, Singapore og Noreg.
Handelsstrid
I 2018 starta dåverande president Donald Trump det dei har kalla ein trade war, ein handelskrig, med Kina. Handelsstriden kom i kjølvatnet av fleire år med frustrasjon i USA over det dei meiner er urettvis kinesisk handelspraksis og valutapolitikk. Trump innførte tollavgifter på ei rekke kinesiske produkt. Kina svarte med same mynt. President Biden har halde fram med Trumps politikk overfor Kina. Korleis har denne handelskrigen gått fram til no?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.