Kommentar

Totalitære tendensar

Dei liberale rettane som ytringsfridom, politisk deltaking og organisasjons­fridom er kjernen i vestlege demokrati, og det er grunn til å heva røysta når dei er truga.

Publisert

Slike åtvaringar kjem i dag frå to kantar. Den såkalla wokerørsla, representantar for ymse minoritetar, åtvarar om at rettane deira står i fare. Det gjeld både etniske og kjønnspolitiske minoritetar. På den andre sida blir det åtvara mot at nettopp desse gruppene, i sitt forsvar for liberale rettar, i realiteten vil innskrenka både ytringsfridommen og rommet for politisk aktivitet.

I kampens hete kan det sjå ut som både minoritetsvernet og ytringsfridommen blir omdefinert. Det er nødvendig å tenkja gjennom dette.

Reelle problem

For det første må ein då slå fast at det finst faktisk grunnlag for begge synspunkt. Judith Butler, amerikansk filosof og ein av dei viktigaste ideologane bak oppløysinga av den biologiske forståinga av kjønn, uttrykte bekymring i ein artikkel i The Guardian nyleg («Why is the idea of ’gender’ provoking backlash the world over?», 23. oktober). For ei som har stått heilt sentralt i kampen for rettane til den såkalla LHBTQI-gruppa, er det grunn til uro. Ein vil oppretta «transfrie» stader i Polen, kunnskap om homofili blir kasta ut av skulen i Ungarn, homofili er straffbart i ei rekkje land, og mange i denne gruppa blir utsette for vald.

Tyrkia har til og med trekt seg frå ein internasjonal konvensjon mot valdsbruk mot kvinner og barn. Dette er heilt reelle problem. Og vi kan leggja til hets av etniske minoritetar, som er eit stort problem i mange land, også vårt eige. Det vil ein oppdaga om ein undersøkjer kven som opplever hets når dei engasjerer seg politisk. Ungdom (særleg jenter) med ikkje-norske foreldre blir hetsa i ein grad som majoritetsgruppene sjeldan opplever.

Ikkje ugrunna

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement