Lita skrift

Tradisjon

Publisert Sist oppdatert

Det finst ei ny kvinnerørsle som vil attende til då kvinner var heimeverande på heiltid. Der kan dei nytta all tida si og alle kreftene på borna, heimen og ektefellen – som tradisjonen tru vel er ein mann? Det finst ein veksande skare med slike «tradwives» der ute, høyrde eg på Politisk kvarter ei morgonstund i førre veke.

Programmet sa ikkje så mykje om kva krav og forventningar slike tradisjonelle koner har til mennene dei ønskjer seg, men at også ektemennene må dyrka tradisjonelle verdiar, det seier seg sjølv. Tradisjonelle mannsverdiar, som fråvær. Heimeverande husmødrer har til alle tider hatt både nytte og glede av ein fråverande mann. Til dømes ein i handelsflåten, berre heimom som snarast kvar jul. Dritings. For å skremma livskiten ut av kjerring og ungar. Eller rett og slett for å slå fast at borna har vakse frå han, og at den heimeverande kona er på ein annan planet.

Ikkje eit vondt ord om tradisjonelle menn, som eg kjenner godt, for ikkje å seia intimt. Dei er riddarlege, opnar dører, flasker, dreg ut stolar, forsyter, forsyner, står hos og verjar kvinner og born mot naud og armod. Men ver trygge på det, de tradisjonssøkjande kvinner, at på ryggen av herremennene dykkar kjem det til å ri inn ein hærskare av tradisjonelle fyllikar, psykopatar, gjerrigknarkar og svin. Som det alltid har gjort.

Og har de, tradisjonssøkjande kvinner, kome på at det er han som forsyter familien, som også avgjer kor de skal bu? Noregs land er langt. Og trongt. Er du budd på å vinka farvel til eiga slekt og eigne nettverk? Arbeidskameratane du får møta på den nye heimplassen, kjem alle til å vera hans. Eg meiner, du får jo ingen kollegaer sjølv, utan jobb. Ver viss på at ingen av hans kjem til å sjå han for det han – for deg, du tradisjonssøkjande kvinne – snart kan visa seg å vera.

Slik var det også i dei gode, gamle dagar då menn var menn og kvinner hysteriske (av gresk hystera, ’livmor’).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement