Tragiske telegram
Russisk sensur stoppar journalistikk om krigen i Ukraina. Men overgrepa frå slagmarka kjem likevel fram til mange russarar – ufiltrerte, direktesende på appen Telegram.
Dette biletet syner drepne innbyggjarar i den ukrainske byen Mariupol og er publisert i ei gruppe på Telegram med tett opp mot 500.000 abonnentar.
Alle foto frå Telegram
«Russisk fred. Ha-ha!» seier ei mannsrøyst på russisk medan han filmar ein forkola person framfor ein utbomba militær lastebil.
«Kom, så skal eg vise dykk meir», held røysta fram medan han går rundt bilen.
«Sjå her, endå ein sau.» Videoen syner eit utbrent lik som ligg delvis slengt ut av førarsetet på det som har vore eit russisk militærkøyretøy. Kameraet går vidare mot baksida av bilen. Der stikk beinrestar opp av bagasjerommet. Her har fleire russiske soldatar blitt brende i hel.
«Ukrainsk grill er dødeleg for okkupanten», heiter videoen og er ein av mange hundre grufulle vitneprov frå den ukrainske slagmarka som er publiserte på appen Telegram den siste månaden.
Parallelt med den konvensjonelle krigen i Ukraina går det no føre seg ein informasjonskrig. Russiske styresmakter har i praksis stengt for ei truverdig rapportering av krigshendingane på russisk for eit russisk publikum. Regimekritiske russiske aviser er sensurerte eller stengde, sosiale medium som Facebook, Twitter, Instagram og WhatsApp er blokkerte. Utanlandske nettaviser som publiserer på russisk, vert forsøkt utestengde frå Russland.
Men framleis er den russiskutvikla appen Telegram open, også i Russland. Her vert krigens elende bretta ut for eit breitt publikum, ufiltrert, uredigert og utan redaktøransvar. Tilgangen på informasjon her er enorm. Enkelt kan dei 500 millionar brukarane av Telegram, mange av desse i Aust-Europa og Russland, abonnere på ulike kanalar der dokumentasjon frå krigen vert lagd ut, i ein stri straum døgnet rundt:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.