Krig
Traktorar og forrædarar
I staden for ei fredeleg våronn må Ukraina forsvare seg mot den russiske våroffensiven.
29 kvinner i Kremenets-regionen har fått førarkort for traktor dei seinaste vekene.
Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB
Denne våren vil markene og grønsakhagane i Sumy-regionen, på grensa til Russland, liggje brakk. Trass i daglege granatåtak frå den russiske sida har innbyggjarane i Belopolskyj og andre distrikt i regionen freista overleve her i to år.
Men no har situasjonen blitt så mykje verre at sjølv dei mest stivnakka innbyggjarane gjer seg klare til å evakuere. Det er berre det at det ikkje finst noka organisert evakuering – folk forlèt landsbyane til fots eller på sykkel, og tek med seg berre dokument og dei mest naudsynte tinga. For nokre dagar sidan forlét dei siste innbyggjarane landsbyen Ryzjivka.
Eldre kvinner gjekk til fots med kyrne sine, følgde av ein annan landsbybuar på traktor, med eit kvitt flagg festa på ei stong. Da ein lokal mann freista kome seg vekk med familien sin i bil, eksploderte ein russisk granat rett ved sida av dei. Til alt hell klarte dei å kaste seg ut før bilen stod i flammar. I kjellarane i forlatne hus står settepoteter og grønsakfrø att ubrukte. Dei kjem ikkje til å hamne i den fruktbare, svarte jorda i Ukraina.
Russisk artilleri har lenge øydelagt område som ein gong var fulle av liv, men som ligg tett ved grensa. Ryddar dei vegen for eit framtidig åtak på Ukraina frå nord, eller er det slik russisk artilleri gjennomfører ordren frå Putin om å skape ei «demilitarisert sone» mellom ukrainsk og russisk territorium? Det var akkurat dette uttrykket Putin nytta for nokre dagar sidan i det første intervjuet etter nok ein «siger», i presidentvalet.
Kampane på den sørlege fronten og i Donbas syner ingen teikn til å stilne av, nett som dei daglege åtaka på Ukraina med dronar og missil trugar landet heile tida. I staden for ei fredeleg våronn må Ukraina forsvare seg mot den russiske våroffensiven, og det må dei gjere under vanskelege tilhøve og utilstrekkeleg med våpen.
I mange ukrainske byar ser folk på dei lokale teatera med sorgtunge blikk. Framom nesten kvart teater er ordet «born» no skrive med store bokstavar på asfalten. Av og til brenn det eit stearinlys ved sida av dette ordet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.