Sideblikk

Trond den skinheilage i Nidaros

Arbeidarpartiet har eit eksistensielt problem fordi den politiske grunnrenta har forvitra.

Trond Giske på valkampshow i Kolstadparken på valkampturneen til Arbeidarpartiet i Trøndelag i fjor sommar.
Trond Giske på valkampshow i Kolstadparken på valkampturneen til Arbeidarpartiet i Trøndelag i fjor sommar.
Publisert Sist oppdatert

Etter metoo skulle Trond Giske vera politisk daud, og oska spreidd for alle vindar. Men det var ei skinsemje. Om Giske kan ein seia med ei strofe frå ein trall av bysbarnet Otto Nielsen: «He is dead, but he won’t lie down.»

Den digre Olav Haraldsson var fordriven frå landet, men kom tilbake med ein leigehær. Han tapte slaget og blei drepen på Stiklestad, men då skjegget og neglene heldt fram med å gro, blei han erklært heilag og evig konge i Nidaros.

Trond Giske vil gå i hans fotefar, for han har berre vore skin­daud, og nå vender den refuserte arveprinsen frå borgarkrigstida tilbake som sannseiar med den rette sosialdemokratiske trua. Det er aktuelt med ein helt, og Giske har meldt seg som privatpraktiserande redningsmann.

ARBEIDARPARTIET er i djup tillitskrise. Det nyttar lite å lengta tilbake til det trygge dei var, for der er ikkje folk flest lenger. Veljarane har klatra opp på gjerdet, og mange fell ned både til høgre og til venstre, men ikkje lenger til Senterpartiet, utan at det hjelper det spøtt.

Regjeringa og Støre er ramma av rikdommens pedagogiske problem: å kutta og stramma inn når fyllingsgraden aukar og Oljefondet renn over. Partinomenklaturens bortforklaringar er repetisjon av faste talepunkt som har gått tomme. Nye veljarar veit ikkje kva partiet står for og vil. Gamle og trufaste veljarar kjenner ikkje att Partiet. Den politiske grunnrenta smuldrar opp.

Nå skal dei reisa rundt i partilaga og lytta til folks kvardagsutfordringar, forklara, samrå seg og driva sjølvransaking. Faren med sjølvransaking er at ein aldri kan vita om ein liker det ein finn, og om ein kan gjera noko med det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement