Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.
Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.
Publisert

Tusen takk. Eg må verkeleg beklage. Dette var noko dei ville gjere, og eg kom meg ikkje derifrå. Eg tenkte de ikkje syntest det gjorde noko, for vi freistar vinne.

Eg vart intervjua av ein bra mann eg ikkje kjende altfor godt, men eg vart kjend med han fordi dette vart det lengste intervjuet eg nokon gong har gjeve. Joe Rogan, ein fin fyr. Det var supert. Og det var noko anna vi måtte gjere, som var svært viktig, og eg sa: «Vi må få gjort alt dette.» Og folka mine kom til meg og sa: «Sir, vi kan avlyse kveldsmøtet. Eg er viss på at folk ikkje vil ta det ille opp.»

Eg sa: «Er du galen? Eg avlyser ikkje. Aldeles ikkje. Eg avlyser ikkje. Aldeles ikkje.» Vi ville aldri... Så eg ber om orsaking, men det handlar om å vinne. Vi må vinne. Og vi gjorde ting i dag som vil hjelpe oss å vinne. Det blei mange opptak, mykje av det eine, mykje av det andre, mykje av alt, og vi er på veg oppover. Eg skal eigentleg ikkje seie det, men vi er på veg oppover. Ikkje berre meiningsmålingane, men førehandsrøystene... Eg trur vi leier i alle dei sju vippestatane.

Men greitt, gløym at eg sa det. Gløym det, for alle må ut og røyste. Kven har røysta så langt? Kven skal røyste?

Eg tenkjer alltidat de liker å røyste litt seint. I dette partiet røystar vi litt seint, og det er greitt. Eg forstod det. Så eg hissar meg aldri opp over det eine eller det andre, men vi leier, faktisk, på stader der republikanarane tradisjonelt ikkje leier, og faktum er at dei kan gå ned med 30, og så tek vi dei att på slutten, men... Litt skremmande, litt nifst. Men vi leier i så å seie alle, ikkje sant? Så å seie alle? Til vanleg leier dei, og så tek vi dei att, og i vårt tilfelle slår vi dei vanlegvis.

Vi gjorde det godt i 2016. Vi gjorde det mykje betre i 2020, men de veit, det skjedde mykje stygt den gongen. Men denne gongen tek vi dei, vi har aldri hatt ein entusiasme som denne, og ein del av årsaka er at dei er så elendige. Her har vi ein liten dose dårleg leiarskap, vi har ein liten dose inkompetente personar... Veit de kvar ho er i kveld? Ho festar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement