Kommentar

Trump slår til att

Trump skjeller framleis ut «dei» som øydelegg USA. Men skjønar ikkje leiarane i det republikanske partiet at det er Trump som øydelegg USA?

Mitch McConnell, den mektige republikanarleiaren i senatet, har vist litt mindre forståing for at det var patriotar som storma kongressen. Det mislikar Trump.
Mitch McConnell, den mektige republikanarleiaren i senatet, har vist litt mindre forståing for at det var patriotar som storma kongressen. Det mislikar Trump.
Publisert

Spørsmålet er kvifor partiet lar Trump tura fram slik. Har dei ikkje lært noko av Trump-tilhengjarane som braut seg inn i kongressbygningen den 6. januar i fjor og skremde vatnet av både demokratar og republikanarar – inkludert Trumps eigen visepresident, Mike Pence? Kvifor tek dei ikkje affære?

Det korte svaret er at dei er redde. Republikanarane har lært at sjølv om Trump ikkje er president lenger, har han stor politisk makt. Han kan framleis skapa og øydeleggja politiske karrierar i partiet.

Demokratisk prinsipp

I eit demokratisk system er det veljarane som avgjer. Og Trump har eit godt tak på veljarane. Han rosar kandidatar som støttar han, men skjeller ut dei som kritiserer han. Dei er udugelege kjeltringar og svikarar og Republicans In Name Only (RINOs).

Slike kandidatar mistar røyster, og Det republikanske partiet kvittar seg med kandidatar som mistar røyster. Slik dei kvitta seg med Liz Cheney i fjor. Ho var ein av leiarane i partiet og ein konservativ politikar på alle vis. Men ho røysta for at Trump måtte stillast for riksretten etter stormen på kongressen. Då mista ho raskt alle dei politiske verva i partiet.

Ho var ikkje den einaste republikanaren som distansere seg frå Trump etter åtaket på kongressen, men ho var blant dei få som ikkje endra standpunkt. Senator Lindsey Graham, ein av Trumps næraste støttespelarar, ytra seg òg kritisk til Trump i fjor, men berre ei kort stund.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement