Økonomi

«Trump vil endeleg bli rik. Og Musk vil ha verdsherredøme»

USA er i ferd med å utvikle seg til eit oligarki, seier Timothy Snyder, som er professor i historie ved Yale University. Denne veka deltek han på Verdas økonomiske forum (WEF), der Süddeutsche Zeitung har intervjua han.

Elon Musk saman med Trump-familien under presidentinnsetjinga 20. januar.
Publisert Sist oppdatert

– Same dag som Trump blir teken i eid som president, byrjar Verdas økonomiske forum i Davos. Dette er møtestaden til dei rike og mektige, og hendinga samlar halve eliten i teknologibransjen. Kva seier dette om maktfordelinga i verda?

– Verdas økonomiske forum byggjer på ideen om at teknologi av seg sjølv vil opplyse menneskeslekta, berre vi organiserer økonomien på rett måte. Og så skal det liksom oppstå gode politiske system så å seie automatisk. I ettertid har dette synt seg å vere påviseleg feil: I staden for å gi kvar einskild av oss meir makt, har teknologien, framfor alt sosiale medium, ført til det motsette. Dei politiske systema våre vart ikkje friare, tvert imot. Trumps veg til makta er eit framifrå døme på dette.

– I Davos handlar det i mindre grad om kritikk og meir om potensialet til nye teknologiar, slik som kunstig intelligens.

– Kvar gong eg er i Davos, ventar eg på at nokon endeleg seier det, altså nokon andre enn eg. Men heilt alvorleg: Vi står ved ein krossveg. Anten held vi fram med å prise teknologien ukritisk, uavhengig av dei følgjene han kan ha, slik som autoritær framgang og økologisk kollaps, eller så innser vi at vi har gjort feil, og korrigerer kursen. Det faktum at kvar einskild av oss får stadig mindre makt, medan makta samstundes er fordelt på stadig færre hender, tvingar oss til å sjå dei vanskelege kjensgjerningane i auga.

Klokka tikkar

– Kan vi framleis i det heile teke ta dette valet, eller er det for seint? Trump og Musk overtek. Og den teknologiske utviklinga lèt seg ikkje skru tilbake.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement