Helse

Trur fleire vaksinar vil løne seg

Om fleire får covid-vaksine, vil det truleg vere svært lønsamt for samfunnet, meiner virusekspert Rebecca Cox.

Publisert

Sist veke la fagdirektør Preben Aavitsland ved Folkehelseinstituttet fram argumenta for den norske covid-strategien i eit intervju i Dag og Tid. Den inneber vaksine berre til definerte risikogrupper, medan immuniteten i befolkninga elles skal haldast oppe ved at dei fleste blir smitta av covid-19 igjen og igjen.

Rebecca Cox, professor i medisinsk virologi og leiar for Influensasenteret ved Universitetet i Bergen, er ikkje overtydd om at strategien er rett. Cox er leiar for ei eiga forskargruppe på covid-19 ved UiB, som blant anna har studert seinfølgjer av covid-infeksjon.

– Den norske covid-politikken er at immuniteten skal haldast oppe ved at dei fleste går gjennom nye infeksjonar. Er det klokt, om vi tek omsyn til faren for seinfølgjer?

– Det er eit komplekst spørsmål og ikkje lett å svare sikkert på. Politikken no er å berre leve med viruset. Men om mange får langvarige plager, er det eit argument for eit breiare vaksineprogram enn i dag, seier Cox.

Utviding

I fjor var Cox med på ein studie som synte at overvekt og fedme gav auka risiko for eit alvorleg forløp av covid-19. Med utgangspunkt i dette argumenterte Cox for at folk med overvekt burde få tilbod om vaksine, men FHI vende tommelen ned. I dag er vaksne med såkalla alvorleg fedme, det vil seie kroppsmasseindeks over 35, definert som ei risikogruppe. Cox meiner òg at dei som jobbar i helsesektoren, kunne fått tilbod om påfyll av vaksine.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement