Utanriks

Trur ikkje Trump er slegen

Tiltalar mot Donald Trump kan svekkje han mot demokratane neste år, men det er fram­leis ikkje umogleg at Trump vert president igjen, meiner USA-kjennar Jan Arild Snoen.

Donald Trump drog tidlegare denne veka til Miami for å møte i retten, tiltalt for brot på USAs spionasjelov.
Donald Trump drog tidlegare denne veka til Miami for å møte i retten, tiltalt for brot på USAs spionasjelov.

Donald Trump har erklært seg uskuldig på alle 37 tiltalepunkta etter at FBI i fjor fann 13.000 dokument frå Det kvite huset i bustaden i Florida. Rundt 100 av dokumenta var graderte som topphemmelege.

Ifølgje tiltalen mot den tidlegare presidenten har han sett USAs nasjonale tryggleik i fare ved å halde på gradert informasjon, skjule dokument, hindre etterforsking, kome med falsk forklaring og dele sensitiv informasjon med personar som ikkje er tryggingsklarerte.

Forfattar og kommentator Jan Arild Snoen kjenner USA godt.

– Kva er dei mest alvorlege tiltalepunkta mot Donald Trump?

– Det kjem litt an på kva som er det materielle innhaldet i dokumenta som er funne, men det er fyrst og fremst punkta som går på at han har hindra og motarbeidd etterforskinga, som eg ser som det mest alvorlege. Det er også fyrst og fremst det som skil denne saka frå dette med at også Joe Biden som visepresident og tidlegare visepresident Mike Pence skal ha teke med seg dokument heim. Då dei vart gjort merksame på det, vart det derimot sett i gang prosedyrar for at dei skulle levere dokumenta tilbake raskt, medan Trump prøvde å hindre tilbakeføring, og det på fleire måtar. Hadde han levert tilbake alt med det same, hadde ikkje dokumenta vore noka juridisk sak no.

– Andre republikanarar syner til at det ikkje vart teke ut tiltale mot Biden, og at det heller ikkje vart teke ut tiltale mot Hillary Clinton etter at ho hadde ein dataserver med hemmelege dokument heime, og meiner tiltalen mot Trump såleis er forskjellsbehandling og politisk motivert. Finst det noko som helst vettugt i ei slik jamføring?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement