Kommentar

Trygdeskandale på nederlandsk og på norsk

Det er ikkje til å unngå at lover av og til vert dårleg utforma eller at forvaltninga praktiserer lova feil. I ein rettsstat skal det vere kontrollmekanismar som fangar opp slike feil. Når kontrollmekanismane sviktar på systemnivå, blir også feila systemiske.

Demonstrasjon i Amsterdam til støtte for offer i «Toeslagenaffaire», den nederlandske NAV-skandalen, 15. mai i år.
Demonstrasjon i Amsterdam til støtte for offer i «Toeslagenaffaire», den nederlandske NAV-skandalen, 15. mai i år.
Publisert Sist oppdatert

Tenk deg at du får ein behovsprøvd offentleg stønad der du må betale ein liten eigenandel. Etter nokre år med utbetalingar gjer du ein feil som fører til at du éin månad ikkje kan dokumentere at du har betalt 770 kroner i eigenandel. Staten skuldar deg for svindel og svarar med eit krav om tilbakebetaling på 275.000 kroner, som svarar til all stønaden du har motteke over fleire år.

Du klagar på vedtaket og viser til at feilen ikkje var medviten, og at det ikkje har vore feil ved tidlegare utbetalingar. Staten avviser klagen med at lova er klår, og at ho ikkje opnar for å vise skjøn dersom tilbakebetalingskravet er urimeleg.

Dette kunne ha vore ei oppdikta historie som ein jussprofessor gir studentane sine for at dei skal øve seg på lovtolking, men det er det ikkje. I 2015 stadfesta ein domstol i Nederland eit slikt tilbakebetalingskrav mot ein familie som hadde motteke stønad til barnepass.

Denne og liknande historier står i sentrum for ein trygdeskandale i Nederland som har rokka ved trua på sjølve rettsstaten i landet. Parlamentet gjekk tidlegare i år til det uvanlege steget å be Den europeiske kommisjonen for demokrati gjennom lovgiving, Venezia-kommisjonen, eit ekspertorgan i konstitusjonell rett under Europarådet som vanlegvis arbeider med land som Polen, Ungarn og Ukraina, om å evaluere kva som gjekk gale, og om den nederlandske rettsstaten held mål. Rapporten, som eg var med på å skrive, kom nyleg, og han peika på fleire manglar som vi også finn her heime.

Personlege tragediar

Men fyrst, kva skjedde i Nederland? Ein rapport frå det nederlandske parlamentet i 2020 viste at mange tusen familiar i årevis hadde fått tilbakebetalingskrav for småfeil i samband med eigenandelen for støtte til barnepass. Ein kunne til dømes ha gløymt å sende inn vedlegg som dokumenterte utgifter, eller oppgitt feil utgifter.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement