Kommentar

¿ Tryggleiken og menneskeverdet

Kvar ligg balansen mellom retten foreldra har til kunnskap og målet om eit samfunn med plass til alle?

Ultralydundersøkinga som det offentlege helsevesenet tilbyr i dag, går i dag føre seg i vekene 18–20.
Ultralydundersøkinga som det offentlege helsevesenet tilbyr i dag, går i dag føre seg i vekene 18–20.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Om Frp og Ap får det som dei vil, vert det ei omfattande omlegging av fosterdiagnostikk i Noreg alt frå juni i år. For no vil Frp og Ap at ultralyd skal kome i veke 11–13 i tillegg til veke 18–20, slik praksisen er i dag. Og medan dagens ultralyd er ein del av svangerskapsomsorga og særleg sjekkar vekst og termindato, vil tidleg ultralyd vere meir spissa mot fosterdiagnostikk og kromosomavvik. Og ein såkalla NIPT-test, ein ny type blodprøve av mor som gjer det mogeleg å lese av kromosomfeil som Downs syndrom, skal kunne tilbydast alt i veke ni av svangerskapet. Blodprøva kjem som første ekstra test dersom det er grunn til uro.

Slik vil alle gravide måtte ta stilling til fosterdiagnostikken, noko lege Morten Magelssen påpeika i Klassekampen førre veke. I dag er fosterdiagnostikk eit tilbod til kvinner over 38 år, par som har funksjonshemma barn frå før, og par der det er særskild grunn til uro for arvelege sjukdommar.

Tryggleik

Ifølge Frps helsepolitiske talskvinne Åshild Bruun-Gundersen handlar dette ikkje om sortering, men om tryggleik. Så enkelt er det sjølvsagt ikkje. Det kjem an på kva slags perspektiv ein har. For dei enkelte foreldra handlar det i dei aller fleste tilfella om å dempe ein angst for at alt ikkje er som det skal vere, altså tryggleik. Men i eit samfunnsperspektiv vert omfattande fosterdiagnostikk det same som å jakte på Downs syndrom og andre kromosomfeil, altså sortering. Eg veit at fosterdiagnostikk handlar om langt fleire, og også alvorlegare, tilstandar enn Downs. Men likevel, eksemplet Downs er viktig nok. For korleis heng kunnskapen om Downs og tilbodet om abort saman, i historia – og no?

Kunnskap om Downs

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement