Krig

Tuareg-musikk og japansk poesi i Ukraina

Den varme sommaren held fram i Kyiv, av og til avbroten av torevêr og regn. I år har varmen ofte kome frå Afrika. I det minste er det det meteorologane seier.

Tuareg-kollektivet Tinariwen gav i mars ut studioalbumet Amatssou på vinyl.
Tuareg-kollektivet Tinariwen gav i mars ut studioalbumet Amatssou på vinyl.
Publisert

Av og til kjem ein sterk vind med hete til Ukraina saman med sand frå Sahara. Meteorologane har åtvara om denne sanden fleire gonger sidan i vår. Det verkar utruleg at vinden kan bere med seg sand over fire tusen kilometer – langt meir utruleg enn det nylege åtaket med ein ukrainsk drone på Olenja-flyplassen på Kola. Russland sender ofte strategiske bombefly frå denne militære basen for å utføre åtak på Ukraina. Olenja-flyplassen, som ligg nord for polarsirkelen, er 1800 kilometer frå næraste ukrainske grense og berre 200 kilometer frå grensa mot Noreg, og flyttar såleis krigen endå nærare Skandinavia.

Sist laurdagskveld i sentrum av Kyiv, nær inngangen til «Bar nummer 13», var det ei gruppe ungdomar som lytta oppmerksamt til musikk med openbert nordafrikanske rytmar, på ein smarttelefon. «Dette er Tinariwen», forklarte ein funky 18-åring. «Dei er den kulaste tuareggruppa. Men du har òg Terakraft! Eg skal finne eit spor av dei til deg!»

Ja, sidan sist laurdag snudde den musikalske smaken til ukrainsk ungdom brått og uventa til tuaregmusikk. Vaksne ukrainarar har blitt interesserte i historia til tuaregane, og det har dukka opp diskusjonar om dei på sosiale medium. Folk med sans for humor legg ut meme på Facebook med bilete av ein Volkswagen Tuareg-bil omgjeven av døde russiske leigesoldatar frå Wagner-gruppa.

I ein kamp i den maliske delen av Sahara, på grensa til Algerie, nedkjempa tuaregar ei gruppe russiske leigesoldatar. Ved å gjere dette, påverka dei musikksmaken til ukrainarar.

Noko liknande skjedde i februar–mars 2022 i starten på den russiske fullskala aggresjonen, da heile verda brått vart interessert i Ukraina fordi ukrainske styrkar hindra det russiske militæret i å nå Kyiv og tvinga aggressoren til å trekkje seg attende til Belarus, som var utgangspunktet for marsjen mot Kyiv.

Av kommentarar under videosnuttar om tuaregkultur på YouTube kan eg sjå at det ikkje berre er ukrainarar som har blitt interesserte i dette kulturfenomenet, som det til no har vore lite snakk om. Sjåarar frå mange land ønskjer at tuaregane må sigre over «musikarane» som er på besøk. Det er slik at i rekrutteringskampanjar kallar Wagner-gruppa seg sjølv eit «orkester» og soldatane sine «musikarar». «Bli med i orkesteret vårt!» er eitt av slagorda privathæren Wagner nyttar ved slike høve.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement