Landbruk
Tung tids jordbrukstal
Jordbruksoppgjeret i år er blant dei beste nokon gong. Men det er ikkje gjeve at det er nok, eller at pengane faktisk vert att hjå bonden.
Går bøndene og jordbruket lysare tider i møte? Det er det stor usemje om etter årets jordbruksoppgjer.
Foto: Gjermund Undheim
I Hurdalsplattforma sette Arbeidarpartiet og Senterpartiet to ambisiøse mål for norsk jordbruk. Det eine var å leggje fram ein forpliktande og tidfesta plan for å tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet, og det andre var å auke sjølvforsyningsgraden av norske jordbruksmatvarer, basert på norske fôrressursar, til 50 prosent.
Med to år att på seg til å realisere plattforma, er det ikkje openbert at dei kjem å nå måla, og jordbruksavtalen som vart underteikna førre veke, ser heller ikkje ut til å gjere det mykje sikrare.
Rett nok er lønsoppgjeret som staten og Norges Bondelag no er samde om, høgt. Avtalen inneber auka inntektshøve på til saman 4,15 milliardar kroner. For dei litt over 37.000 bøndene i Noreg utgjer det i snitt 111.000 kroner per årsverk, eller ein lønsauke på heile 23 prosent. Med andre ord: Eit resultat ingen andre lønsforhandlande grupper vil vere i nærleiken av.
Saman med det rekordhøge oppgjeret i fjor har løyvingane over statsbudsjettet til gjennomføring av jordbruksavtalane med dette også auka frå 17,5 milliardar til 27 milliardar kroner på to år.
Likevel er det stor misnøye med oppgjeret både i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, som ikkje sjølv deltok i forhandlingane, og blant fleire av Bondelagets eigne medlemmer. Fleire fryktar dei ikkje kjem til å sjå særleg til inntektsauken, og småbrukarlagsleiar Tor Jacob Solberg meiner oppgjeret aukar heller enn reduserer inntektsgapet mellom bøndene og andre grupper i samfunnet.
Sviktande føresetnader
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.