Tysk atterhald i aust

Tyskland vil ikkje ha ei hard line overfor Russland i Ukraina-krisa. Det er det mange grunnar til.

Nord Stream 2-prosjektet er ei viktig brikke i ein eventuell sanksjonspakke mot Russland.
Nord Stream 2-prosjektet er ei viktig brikke i ein eventuell sanksjonspakke mot Russland.

«Eit tydeleg signal», kalla den tyske forsvarsministeren Christine Lambrecht avgjerda om å sende ein spesialleveranse til Ukraina førre veke. Ukrainarane hadde kort tid føre bede om militær bistand. Kva sende tyskarane? 5000 krigshjelmar. Dei tyske kommentatorane var uvanleg samstemde i reaksjonen: ein dårleg vits. «Heile verda ler av Tyskland», skreiv tabloidavisa Bild. Så langt frå sanninga er det nok ikkje.

I Kiev visste dei ikkje heilt om dei skulle le eller gråte. Borgarmeister i byen og tidlegare proffboksar Vitalij Klitsjko kommenterte avgjerda slik: «Kva vert det neste – soveputer?» «Ikkje eingong eit plaster på såret», kalla den ukrainske ambassadøren i Berlin leveransen.

Historisk ansvar

Dei europeiske partnarane ventar fånyttes på at Tyskland skal ta leiing i russlandsspørsmålet. Men militær bistand kjem ikkje på tale. Tyskarane eksporterer ikkje «dødelege våpen» til kriseområde, har kanslar Olaf Scholz slått fast. Britane måtte difor fly utanom tysk luftrom då Royal Air Force skulle frakte våpen til Ukraina.

Då Estland ville sende gamle stridsvogner austover, vart det stogga av Berlin. Stridsvognene stammar nemleg frå DDR-tida og vart gjevne til estarane i gåve for nokre år sidan. Tyskarane vil ikkje på nokon måte vere innblanda i våpeneksport til Ukraina – ikkje eingong indirekte.

Tilhøvet til Russland er eit delikat spørsmål i tysk politikk. Skamma over det nazistiske overfallet på Sovjetunionen i 1941 forhindrar ei klår line frå Berlin. På besøk i Kiev forklarte utanriksminister Annalena Baerbock at Tyskland ikkje kan levere våpen til Ukraina på grunn av eit «historisk ansvar» overfor Russland. Som fleire kommentatorar peiker på, er denne sympatien tydelegvis ikkje særleg utprega overfor andre tidlegare sovjetstatar – inkludert Ukraina.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement