TystnadMedan alle OL-interesserte vender blikket mot eit kvitmåla Korea i sør, har eg levd best med filmmogulen Ingmar Bergman ei veke på Cinemateket. For meg starta det med
Medan alle OL-interesserte vender blikket mot eit kvitmåla Korea i sør, har eg levd best med filmmogulen Ingmar Bergman ei veke på Cinemateket. For meg starta det med Tystnaden, filmen frå 1963 der Gunnel Lindblom gjorde sitt sterke gjennombrot. Opningsfilmen Jordbærstedet vart presentert av dottera Linn Ullmann, og det var duka for ein film om dagen og jazz på klubb om kvelden. Til å overleve av, då det som kom ovanfrå, skifta mellom sol og regn i eventyrlandet. Og eg har oppdaga at det er noko som heiter bitcoin.
Seint, men godt (?) vert det framstilt som ein kryptovaluta, ei elektronisk eining som ikkje er det eg bladde opp med som bankfunksjonær, men ei «penge»-eining som vil ha eit ord med i laget endå dei utgjer promillar av verdas samla valuta, men kven veit? Er vi på veg mot to slag, eitt som er basert på verkelege verdiar, eitt som har oppstått gjennom andre verdiar? Eller av eit slag sjakk mellom ein Max von Sydow og døden i klassikaren Det sjuande seglet, anno 1957. Den endelege skrekkvisjonen er utviklinga av parallelle samfunn, og kva ville Bergman sagt? Ruta mi går vidare til ei uskuldig kjærleikssoge i Sommerlek, den neste er Sommernattens smil, der Gunnel Lindblom også er med. Og vi er berre i byrjinga av eit enormt skaparverk.
Sterke kvinner pregar også filmane Hviskninger og rop og Jomfrukilden. Bergman (1918–2007) hadde ein enorm produksjon, og det gjeld å nytte høvet. Men kva har det med OL å gjere? Forfattar og skribent Gudmund Skjeldal har svaret: «Vinter-OL i Sør-Korea, sa du? Dra heller til Holmenkollen og sjå», skriv han i Morgenbladet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.