«Uansett kva ein vel, er det fare for å gjere feil»
Debatten om unge med kjønnsinkongruens minner om det som skjedde da dei homofile kom ut av skapet i 70-åra, meiner Ingun Wik ved Helsestasjon for kjønn og seksualitet.
Illustrasjon: Shutterstock / NTB
I ei rekkje land har talet på unge som søkjer hjelp for såkalla kjønnsinkongruens, blitt mangedobla det siste tiåret. Dag og Tid har i dei to siste utgåvene skildra noko av den harde debatten om korleis helsevesenet bør møte behova deira.
I Noreg har Ingun Wik, avdelingsleiar ved Helsestasjon for kjønn og seksualitet (HKS) i Oslo, vore ein talsperson for ei relativt liberal line, i tråd med retningslinene frå organisasjonen World Professional Association for Transgender Health (WPATH).
Wik meiner utviklinga for dei med kjønnsinkongruens dei siste åra har fellestrekk med tida da dei homofile kom ut av skapet på 1970-talet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.