Helse
– Udemokratisk krisehandtering
Delar av koronakrisehandteringa utfordra demokratiet, rettsstaten, maktfordelinga og menneskerettane i Noreg, seier jussprofessor Christoffer C. Eriksen.
Avgjerda om å innføre smitteverntiltak i mars 2020 skulle vore teken av regjeringa, ikkje Helsedirektoratet, slo fyrste koronakommisjonen fast. På biletet ser vi helsedirektør Bjørn Guldvog, helse- og omsorgsminister Bent Høie (t.v.) og avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet like før nedstenginga.
Foto: Terje Pedersen /NTB
Frå ein rettsleg ståstad var Noreg dårleg budd på ei nasjonal krise, sjølv om ein pandemi var den globale krisa landet truleg var best budd på. Dette vert slege fast i forordet i boka Kriseregulering. Lovgivning under koronakrisen, som kom ut denne veka, og som er eit samarbeid mellom 21 juristar frå seks norske forskingsinstitusjonar.
Jussprofessor Christoffer C. Eriksen ved Universitetet i Oslo er ein av tre redaktørar av boka.
– Kva gjorde oss dårleg budde rettsleg sett?
– Vi mangla til dømes reglar som gjorde det mogleg for regjeringa å ta raske avgjerder med nødvendig demokratisk kontroll. Det vart forsøkt fiksa ved å utforme koronalova, men utkastet regjeringa laga, hadde så store veikskapar at Stortinget med innspel frå fagfolk utanfrå måtte reparere det midt i krisa, og nærast på dugnadsbasis.
– Det syner at demokratiet fungerte, er ikkje det det viktigaste?
– Demokratiet og dugnaden berga situasjonen. Samstundes var det flaks at krisa denne gongen tillét ein slik dugnadsinnsats. Det treng ikkje neste krise gjere. No er koronalova oppheva, så dersom det kjem ei ny krise i morgon, står vi i same situasjon att. Poenget vårt er at vi må tenkje gjennom korleis vi kan innrette oss betre til neste krise.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.