Krig

Ukraina ventar på stork i ein tidleg vår

Tidleg i februar vart murmeldyret Timko, med det fulle namnet Timko den tredje, vekt av tilsette ved vêrstasjonen til Kharkiv-universitetet.

Publisert

I tjue år har Timko «føresagt» vårens kome i Ukraina. Han blir sett på som landets «store murmeldyr». Denne gongen ønskte han lenge ikkje å vakne. Dette er ikkje overraskande. Han må vere svært sliten. Det er overraskande at han i det heile kunne sove denne vinteren, når rakettar og dronar har eksplodert kvar dag og kvar natt over hovudet på han.

Så vart brått ein høgtidsam og opplivande seremoni til ære for murmeldyret vist på fjernsynet. Ei av dei tilsette ved vêrstasjonen heldt det sovande dyret i armane sine og annonserte at i år, ifølgje varselet til Timko den tredje, kjem våren tidleg og byrjar om seks veker.

Den vesle gruppa som hadde samla seg ved vêrstasjonen, helste varselet til murmeldyret med applaus. Andleta til deltakarane, til liks med fjeset til murmeldyret, såg søvnige ut. Men smila deira var ekte. Denne hendinga oppmuntra dei.

Det er lettare å tru på ein tidleg vår enn å tru på ein tidleg siger. Likevel møter Ukraina det andre året sidan starten på krigen utan pessimisme.

Medan Putin rett før presidentvalet i Russland krev nokre hint om siger for det russiske militæret, for å styrke den eigentleg unødvendige presidentvalkampen hans, har Ukraina retta fleire vellukka åtak mot den russiske infrastrukturen for olje i St. Petersburg og Volgograd, og dessutan mot russiske luftstyrkar og marine på Krym.

Ukrainarane var særleg nøgde med åtaket med seks marinedronar som søkkte den russiske missilbåten «Ivanovets». Kvar av dei seks dronane gjorde videoopptak av åtaket. Det sette ukrainarane i stand til å gle seg over synet av at fiendeskipet fekk dei treffa som sende det til botnen av Svartehavet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement