Utanriks
Ukrainsk såpeopera
Medan ukrainske og russiske TV-sjåarar lo framfor TV-skjermane, gjekk dei første av ei rad samtalar om Ukraina mellom USA og Russland føre seg i Genève.
Petjerskij-distriktet i Kiev er det politiske hjartet i Ukraina. Innanfor arealet til eitt eller to kvartal finst regjeringskontora, parlamentet, presidentens kontor og mange andre viktige styringsinstitusjonar.
Foto: Wikipedia
Det høgste fjellet i Ukraina ligg i Karpatane og heiter Hoverla. Det er 2061 meter høgt. Men det viktigaste fjellet ligg i Kiev. Det er Petjerskij-høgda på berre 195 meter. Petjerskij-distriktet i Kiev, på høgda med same namn, er det politiske hjartet i Ukraina. Her, innanfor arealet til eitt eller to kvartal, finst regjeringskontora, parlamentet, presidentkontoret og mange andre viktige styringsinstitusjonar.
Blant alle departement og andre statlege organ har distriktsdomstolen i Petjerskij hatt eit særleg dårleg rykte i over 20 år. Det var dommaren i denne retten, Rodion Kirejev, som i oktober 2011, på direkte ordre frå administrasjonen til president Viktor Janukovitsj, dømde Julia Tymosjenko til sju års fengsel og ei bot på 150 millionar dollar for å ha skadd Ukraina ved å skrive under på ein «gassavtale» med Russland.
Den tidlegare ukrainske presidenten Viktor Janukovytsj hadde to sterke kjensler for Julia Tymosjenko: frykt og hat. Etter sigeren til 2014-opprøret Euromaidan flykta dommar Kirejev frå Ukraina til Moskva. No arbeider har som sakførar der.
Eit toppunkt
Samstundes flykta Viktor Janukovitsj sjølv til Moskva saman med den servile sjefaktoren sin, Viktor Psjonka, og fleire hundre andre embetsfolk, dommarar og militære leiarar. Men Petjerskij distriktsdomstol vart verande og står igjen i nær kontakt med presidentkontoret – denne gongen til ein annan president, Volodymyr Zelenskyj.
Den 6. januar, på julaftan (etter den julianske kalenderen, red. merk.), medan president Zelenskyj stod på ski i dei karpatiske fjella, tok Petjerskij distriktsdomstol arrest i eigedomane og verdiane til den femte ukrainske presidenten, Petro Porosjenko.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.