Kvar dag kjem det videoar av Odesa-soloppgangen i sosiale medium. Ofte blir desse videoane følgde av ein tekst, og meininga er stort sett den same: «Om du ikkje kan endre noko, så nyt kvar vakre augeblink!» Med andre ord: «Lev for dagen i dag! Morgondagen kjem kanskje aldri!»
No når den verkeleg varme sumaren held på å kome, tek dei som kjem for å sjå soloppgangen, gjerne ein symjetur. Vatnet blir stadig varmare, og mange har inntrykk av at svartehavsvatnet i Odesa og i nærleiken av byen er mykje reinare enn før. Dette kjem truleg av at det no er færre skip som går inn til Odesa og andre ukrainske hamner i nabolaget.
Det er òg færre russiske krigsskip i Svartehavet. For å seie det meir presist: Takk vere ukrainske marinedronar ligg ein del av den russiske marinen no på botnen av havet. For å unngå ytterlegare åtak har Russland flytta skip frå Krym til hamna i Novorossijsk på kysten av Kaukasus og til Kaspihavet.
Forbodet mot industrielt fiske og mot fiske frå båt har ført til ein monaleg auke i fiskeførekomsten ved kysten, så ein kan fange fisken frå breidda med stong – eit fiske som ikkje er forbode. Heldige fiskarar er glade for å kunne selje fangsten til folk etter ein god dag.
Medan folk i Odesa ser på sola som går opp over havet, fiskar og grøssar over dei hyppige luftvernsirenene og eksplosjonane, skjer det langt meir interessante ting langt frå Svartehavet, i den vestlege ukrainske byen Lviv. Som ein kan vente i ei krigstid, blir viktige møte ofte kunngjorde først etter at dei har funne stad. Nyleg vart eit forum for den russiske opposisjonen halde over to dagar i Lviv. Den fullstendige lista over deltakarane i forumet er framleis eit mysterium, men det er kjent at russiske militære frivillige frå alle dei tre bataljonane som kjempar saman med det ukrainske militæret, var til stades.
Rådgjevaren til leiaren for presidentkontoret, Mykhajlo Podoljak, var ein av dei viktigaste talarane i forumet. Han vende seg til dei russiske deltakarane og rådde dei sterkt til å gripe makta i Russland når det noverande regimet byrjar «slå sprekkar». Mykhajlo Podoljak er overtydd om at det vil vere mogleg å ta makta i Russland ein eller annan gong i 2024–2025, og at samanbrotet til Putins vertikale maktstruktur vil skje brått og gå føre seg svært raskt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.