Kommentar
Ungdom i kamp for pensjonar
Den nye franske pensjonsordninga gjev omdanning av levekåra for mange.
Kvifor protesterer mengder av ungdom mot pensjonsreforma, side om side med godt vaksne i gatene? Det er kan hende vanskeleg å sjå frå vår kant, men pensjonsreforma vil endre vilkåra i fransk arbeidsliv monaleg, sidan mange særrettar forsvinn.
Sett utanfrå verkar det heile uskjønleg. Det er då ingen skandale at pensjonsalderen går opp med to år, frå 62 til 64? Levealderen aukar, arbeidstilhøva er betra og staten treng inntekter til å betale pensjonar. Det nye systemet er i samsvar med systemet i andre land, i og utanfor EU.
Må arbeide lenger
Mykje av protesten handlar om at dei yngste må arbeide mykje lenger enn foreldra sine. Opptening i 43 år må til for å få topputbetaling. Då lyt ein starte som 21-åring – eller halde på til 67 år eller meir. Men: inga fransk lov utan smetthol; den mest brukte vendinga om franske lovreglar er «ouiii, en principe, mouaais, vous savez…» («jaaa, i prinsippet, meeen du veit…»). Men for full utbetaling er altså innteningstida i dag av dei høgste i Europa: 42 år.
Tidlegare har folk rekna med lokale og bransjemessige særordningar. No skal alt samordnast og vere mest mogleg likt. Mistanken er likevel at atter vil smetthol oppstå. Emmanuel Macron lova å fjerne korrupsjonen, men mange meiner no han helst har godkjent korrupt åtferd. Presidenten lova i 2016 å skape trepartssamarbeid etter skandinavisk mønster; no nektar han plent å drøfte pensjon med fagforeiningane. Desse røynslene skaper djup mistru.
Uoversiktlege avtalar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.