– Universiteta treng ei realitetsorientering
Me bør ikkje ha studietilbod som ingen etterspør, meiner Ola Borten Moe.
NTNU, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, med hovudsete i Trondheim, er det største universitetet i Noreg, med campusar i Gjøvik og Ålesund.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Det er ein vanskeleg situasjon for mange lærestader. OsloMet må kutte 100 millionar i 2025, og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) tilbyr sluttpakke til alle tilsette ved Institutt for lærarutdanning.
Direktør ved NTNU Bjørn Haugstad har sagt at han kan garantere at det vil bli oppseiingar. Dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) sa alt i 2022 at «festen er over» i akademia. Kva tenkjer han no, to år seinare?
– Kvifor går det tilsynelatande så dårleg med universiteta?
– Det er sannsynlegvis både ein effekt av korona og lågare søkjartal ved ein del studium. Dei ekstra koronaplassane blir trekte tilbake som planlagt, og i tillegg ser me færre søknadar og mindre tilfang av studentar på ein del linjer. Dette igjen gjer at produksjonen går ned.
– Kva legg du i «produksjonen»?
– Talet på studiepoeng, gradar og doktorgradar som blir produserte. Det er jo trass alt det samfunnet er på jakt etter. Sektoren er ikkje til for seg sjølv. Eg har sagt tidlegare at festen er over etter mange år med sterk vekst i sektoren. Eg trur det er sunt med ei realitetsorientering i sektoren, i tillegg til å gå ein runde der ein faktisk må prioritere. Det burde dei sjølvsagt gjort i resten av offentleg sektor òg, men på grunn av altfor mykje oljepengar og for høg skatt aksepterer me dårleg produktivitet og mangel på resultat i all offentleg verksemd. Me lever i vår eigen variant av hollandsk sjuke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.