USA innoverer, EU regulerer
Kva lover kan verne oss mot uønskte og utilsikta følger av tankemaskinar? Amerikansk innovasjon tvingar oss til å stille spørsmålet, men europeiske lovgjevarar og byråkratar har kome nærast å gje oss eit svar.
EU har blitt verdas fremste pådrivar for personvern og regulering av digital teknologi.
Illustrasjon: Wetzkaz Graphics / Shutterstock / NTB
I april 2021, meir enn eitt år før ChatGPT vart lansert, la EU-kommisjonen fram eit ambisiøst lovforslag om regulering av kunstig intelligens. Forordninga om kunstig intelligens, The Artificial Intelligence Act, som lova heiter, er det første forsøket på å introdusere eit omfattande rammeverk som regulerer bruken av kunstig intelligens på ulike område. Sidan lova vart lagd fram, har så mykje skjedd på KI-feltet at ideen om vidfemnande KI-regulering verkar særs framsynt.
KI-forordninga styrker trenden ein har sett dei siste par åra, der EU tek ei leiande rolle i internasjonal regulering av digital teknologi. Forordninga er ikkje ferdig framforhandla, men onsdag 14. juni tok EU eit viktig steg framover. Då stemte Europaparlamentet med eit stort fleirtal for å støtte eit revidert utkast til forordninga. Neste steg er forhandlingar mellom parlamentet, Rådet for Den europeiske unionen og EU-kommisjonen. Dersom forhandlingane ikkje låser seg, vil lova kunne verte ferdig før utgangen av 2023 og tre i kraft i 2025.
Bakgrunn og innhald
Ei av årsakene til at EU i det siste har vore frampå innanfor teknologiregulering, er frykta for å gjenta tabbane som vart gjorde då sosiale medium og overvakingsøkonomien fekk vekse fram uregulert på 2010-talet. No er det eit poeng å lage reglar før ein kjem i bakleksa.
Før eg byrjar å skildre innhaldet i lova, må eg be om tolmod frå lesaren, noko som er særs naudsynt når ein les om EU-lovgjeving. Det er ikkje noko kjekkare å skrive om EU-lover enn det er å lese om dei, men kva som står i desse lovene, kva denne brokete samlinga av europearar frå Bulgaria til Irland blir samde om, vil langt på veg bestemme korleis me i Noreg skal handtere kunstig intelligens framover.
Ei forordning er EUs mest inngripande type rettsakt. Ho trer i kraft direkte i alle medlemsland og vil etter ein eigen EØS-prosess bli gjeldande i Noreg, slik til dømes personvernforordninga har blitt gjeldande. Tilnærminga i KI-forordninga er å regulere korleis kunstig intelligens vert brukt i ulike situasjonar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.